Uteskule gir meir inkludering og læring

Våge skule og Gilje skule samarbeider med NLA Høgskolen om prosjektet Uteskule i perioden 2025 til 2027. Målet er å utvikla inkluderande, elevaktive og varierte læringsformer som gir elevane meir meistring, motivasjon og læring.

born på skeiseis i motlys - Klikk for stort biletePopulær aktivitet på uteskulen var å skeise. Bømlo kommune

Prosjektet tek utgangspunkt i kvardagen ved Gilje og Våge skular som er fådelte. Begge skulane har rundt 80 elevar og jobbar med aldersblanda grupper.  - Me har også gode uteområde som gir mange moglegheiter for læring ute i naturen. Dette gir eit godt grunnlag for å knyta undervisninga tettare til praktiske erfaringar og til læreplanane, fortel rektorane Maryann Steinsbø ved Gilje og Olaug Norenes Hovda ved Våge skule.

Læring ute og inne i samanheng

Uteskule handlar ikkje berre om å vera ute. Det handlar om å bruka uteområdet som ein naturleg del av opplæringa, i samspel med undervisning inne. Elevane får arbeida praktisk, utforskande og tverrfagleg. Slik kan fleire delta aktivt i læringa og finna måtar å meistra faga på som passar for dei.

Prosjektet legg vekt på læringsformer som fremjar samspel, rørsle og engasjement. Forsking peikar på at kroppsleg og erfaringsbasert læring kan styrkja både forståing og motivasjon. Gjennom samarbeidet med NLA får skulane tilgang til ny forsking og fagleg rettleiing, samstundes som prosjektet blir følgd forskingsmessig.

Klår organisering og fagleg fellesskap

elevar og vaksen i vatn - Klikk for stort bileteÅ bli trygg i vatn er del av opplegget med uteskulen. Bømlo kommune

Kvar skule har ei eiga arbeidsgruppe med rektor, tillitsvald og tilsette. I tillegg deltek skulane i nettverk der dei deler erfaringar og jobbar med lokale behov. Mellom samlingane arbeider deltakarane vidare med konkrete oppgåver og utviklingsarbeid i eigen skulekvardag.

Denne måten å organisera arbeidet på gir rom for kollegial læring og forankring i personalet. Samarbeidet med NLA styrkjer kompetanseutviklinga og bidreg til eit berekraftig utviklingsarbeid over tid.

Til beste for elevane

- Målet med Uteskule er at fleire elevar skal oppleva inkludering, læringsglede og fagleg utvikling. Ved å bruka nærmiljøet og naturen aktivt i opplæringa kan skulane skapa ein meir variert og engasjerande skulekvardag, understrekar Steinsbø og Hovda.

Prosjektet skal gi erfaringar som kan koma både elevane, skulane og kommunen til gode også etter prosjektperioden. 

to kvinner utanfor rådhus - Klikk for stort bileteRektorane Maryann Steinsbø (t.v) og Olaug Norenes Hovda orienterte om Gilje og Våge skular sitt samarbeid med NLA om uteskule i Utval for levekår. Simon Knutsson Sortland