Snørydding kommunal veg. Illustrasjonsfoto.
Simon Knutsson Sortland
Bømlo kommune lyser no ut ny konkurranse om vintervedlikehald av kommunale vegar og plassar for å sikra vidare drift og god beredskap i vintersesongen 2026/2027.
– Me er svært nøgde med innsatsen frå dei leverandørane som har arbeidd for oss i inneverande periode. Dei gjer ein viktig jobb for innbyggjarane kvar vinter, seier innkjøpsrådgjevar Håkon Johnsen Skimmeland i Bømlo kommune.
Viktig del av beredskapen
Han peikar på at leverandørane som utfører vintervedlikehald spelar ei sentral rolle i kommunen si beredskap. Dei bidreg til å sikra framkome, trafikktryggleik og tilgang til viktige tenester gjennom heile vinteren.
Kommunen lyser ut ny konkurranse fordi eksisterande avtalar går ut i slutten av oktober i år. Regelverket for offentlege anskaffingar krev også at kommunen kunngjer slike oppdrag, slik at alle aktuelle leverandørar får mogelegheit til å levera tilbod.
Konkurransen omfattar følgjande roder:
1. Langevåg – Holme
2. Finnås – Oldereid – Hestanes
3. Moster – Spissøy – Siggjarvåg
4. Mæland – Fylkesnes – Ersland – Folderøy
5. Innvær – Rubbestadneset – Rolvsnes
Leverandørar kan melda si interesse for ein eller fleire roder.
Innkjøpsrådgjevar Håkon Johnsen Skimmeland i Bømlo kommune.
Simon Knutsson Sortland
Vil nå ut til fleire
– Me veit at nokre kan oppleva tilbodssystemet som krevjande. Difor vil me gjerne bidra med rettleiing slik at fleire kan levera tilbod, fortel Johnsen Skimmeland. Samstundes må kommunen sikra at alle rodene er dekka før vinteren startar, leggja til rette for konkurranse og gode løysingar, samt gi fleire lokale aktørar høve til å delta.
Kommunen si innkjøpsavdeling tek også direkte kontakt med aktuelle leverandørar samstundes som konkurransen vert annonsert breitt. Frist for å sende inn spørsmål er fredag 7. august, medan tilbodsfristen er fredag 14. august.
– Me ønskjer både dagens og nye leverandørar velkomne til å delta i konkurransen, og ser fram til vidare godt samarbeid i åra som kjem, seier innkjøpsrådgjevar Johnsen Skimmeland.
Slik deltek du
Konkurransen er kunngjort på www.doffin.no: Vintervedlikehald av kommunale veger og plassar