Utlufting av skulebygget på Meling etter branntilløp i teknisk tavlerom i kjellaren, trappa ned til høgre.
Simon Knutsson Sortland
- Tiltak vart sett i verk omgåande og pågår framleis. Kloridverdiane i deler av bygget er høge og det gjer at ventilasjonen ikkje kan startast før sanering/vask og nye luftprøvar er gjennomført. Diverre vil det difor ikkje vera mogleg å starta opp med skule på måndag 5. januar, opplyser kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer.
Jobbar med med alternative løysingar
Foreldra til elevar ved Meling skule vart varsla om situasjonen onsdag 31. desember. Ny prøvetaking og synfaring skjer fredag 2. januar kl. 09:30. Me kjem med ny informasjon etter dette.
Skuleeigar og skuleleiinga jobbar med alternative løysingar for skuledrift i frå tysdag 6. i neste veke, og takkar for forståing i ein utfordrande situasjon.