Ved å vaksinere deg kan du beskytte både deg sjølv og andre mot alvorleg sjukdom. Barnevaksinasjonsprogrammet vart innført i Noreg i 1952, og har vore eit stort folkehelsetiltak for befolkninga. No startar oppbygginga av eit vaksinasjonsprogram for vaksne, som vil systematisere dei vaksinene som er tilrådde for vaksne.
Vaksiner for vaksne
Sjølv om det har vore sterke tilrådingar om vaksiner for enkelte grupper, har det ikkje eksistert eit tilsvarande organisert program for vaksne som for barn. Det som har vore av tilrådingar for dei over 65 år og risikogrupper er mellom anna vaksine mot influensa, korona og pneumokokk.
Alle vaksne frå omtrent 25 års alder er tilrådde påfyll av vaksine mot polio, difteri, stivkrampe og kikhoste kvart 10. år. I tillegg er unge i vidaregåande skule tilrådde vaksine mot hjernehinnebetennelse.
Med stortingsvedtak om å etablere eit vaksinasjonsprogram for vaksne som startar i haust/vinter, vil tilrådde vaksiner for vaksne bli enda tydelegare kommunisert. Det er likevel slik at ein har valt å starte opp programmet med berre nokre av vaksinane.
Historisk tilbod om vaksinering
Sidan 1992 har det vore tilråding om influensavaksinar til menneske over 65 år og til personar med ulike underliggande sjukdommar og tilstandar. I 1996 kom tilråding om vaksine mot pneumokokk (ein type lungebetennelse), og frå 2021 kom tilråding om koronavaksine.
Dei ulike vaksinane har stort sett vore tilrådde for personar over 65 år og for personar med ulike grunnsjukdommar. Influensavaksine og koronavaksine er tilrådde årleg, medan pneumokokkvaksine har vore tilrådd med oppfrisking kvart 6. år (endring frå 2022 då intervallet vart endra frå 10 til 6 år).
Det er kommunen som har ansvar for å tilby vaksiner som er tilrådde, og me har i mange år tilbydd dette på massevaksinasjonsdagar.
Det nye tilbodet
No når det er vedteke eit vaksinasjonsprogram for vaksne, vil dei fleste merke lite endring. Kommunen vil framleis tilby vaksiner på vaksinedagar som vert annonsert i media, og ein kan i tillegg få vaksinar hos dei fleste fastlegar.
For befolkninga i kommunen vil det vere få endringar som ein vil merke, men det er nokre punkt som er verdt å notere seg:
• Det vil bli innført ei påminningsordning for dei tilrådde aldersgruppene. Det inneber at personar som er tilrådde å få vaksina vil få ei påminning om å ta denne dersom dei ikkje har fått ho. Det er mogleg å reservere seg mot påminningsordninga. Det er ikkje kommunen som styrer denne ordninga.
• Pneumokokkvaksine i programmet vil KUN vere tilgjengeleg for årskullet som fyller 65 år inneverande år (kull fødd 1960). Denne vaksina vil ein mest sannsynleg ikkje trenge påfyll av, då det er ei anna vaksinetype enn den som har vore tidlegare tilgjengeleg i programmet. Det vil framleis vere tilråding om påfyll etter 5 år for dei som er tidlegare vaksinerte. Dersom det er tilstrekkeleg tilgang på den vaksinetypen som gjer at ein ikkje treng påfyll, kan dette tilbydast, men då må ein betale heile vaksinekostnaden sjølv.
• Koronavaksine er no tilrådd frå alder 75 år dersom ein ikkje har underliggande sjukdom. Personar mellom 65–74 år som ikkje har underliggande sjukdom, men likevel ynskjer vaksina, har rett til dette.
Kommuneoverlegen og helsestasjonen samarbeider om å legge til rette for det nye tilbodet. Informasjon vil bli lagt ut på nettsidene, inkludert prisar for vaksiner, kva fastlegar som tilbyr vaksiner på sine kontor og datoar for massevaksinasjon.
Med ynskje om ein frisk haust!