Tid for vaksinering
Simon Knutsson Sortland
Dette er eit samarbeid med Vestland Fylkeskommune. Folkehelseinstituttet tilrår at ungdom vaksinerer seg i god tid før russefeiring og liknande arrangement der mange samlast tett. Elevar i vidaregåande vil få tilsendt påmeldingslenke gjennom skuleportalen. Foreløpige vaksinedatoar er sett til 17. og 18. mars.
Kva er smittsam hjernehinnebetennelse?
Smittsam hjernehinnebetennelse (meningokokksjukdom) er ein alvorleg sjukdom som kjem frå meningokokkbakterien. Sjukdommen utviklar seg ofte raskt, og rundt 10 prosent av dei som får sjukdommen døyr.Friske ungdommar kan ha meningokokkar i halsen utan å kjenne seg sjuk, men kan likevel smitte andre som får alvorleg sjukdom.
Risiko for unge
Tal på tilfelle av meningokokksjukdom i Noreg er låg, men ungdom i alderen 16–19 år har høgare risiko for smitte. Det å vere mange ungdommar tett samla kan auke risikoen for smitte. Spesielt er det risiko for at tett kontakt med festing, deling av flasker, kyssing og lite søvn kan gje alvorleg sjukdom. Vaksinering i forkant av russefeiring, russeturar, festivalar, idrettssamlingar, ungdomsleir og liknande kan beskytte.
To typar vaksine
Det finst ulike typar av bakterien. Vanlegast er A, B, C, W, Y. Dei fleste tilfelle i Noreg kjem av type Y, men elles i Europa ser vi også ein del av type B. I 2023 påviste vi type B meningokokk i Noreg for første gong.
Det finst to ulike vaksinar mot meningokokksjukdom. Dersom du ynskjer å beskytte deg mot alle typar meningokokksjukdom må du ta begge vaksiner.
Ein er beskytta mot dei fleste bakteriar med den vaksina ein får gratis, men:
Meningokokk ACWY-vaksine
- Vaksina består av ein dose
- Gratis for elevar i vidaregåande skule i Bømlo.
- Vert tilbode i regi av skulehelsetenesta
- Alle elevar får tilsendt QR kode eller lenke til eigenerklæringsskjema
Vaksine vert sett på skulen
Meningokokk B-vaksine
- Vaksina består av to dosar.
- Krev resept og eigenbetaling.
- Kostar ca 900 kr. pr dose + kostnad ved å sette vaksine.
- Ein kan inntil vidare få resept og få satt vaksina på helsestasjon for ungdom.
- Vaksine vert ikkje sett på skulen
Merk: Etter fullført vaksinasjon tek det om lag to veker før beskyttelsen er oppnådd. Verknaden av ACWY-vaksina varar i rundt 10 år, så ein dose i vidaregåande vil gi vern gjennom russetid og dei første studieåra.
Her ser du ei kort samanlikning av dei to vaksinetypane:
Vaksinesamanlikning.Øvrige råd
For å ytterlegare redusere risiko for å utvikle sjukdom er smittevernråd nyttige å følge:
- Ikkje drikk av samme flaske eller del sigarettar
- Såre slimhinner er meir mottakeleg for infeksjon
- Lite søvn gjer oss meir mottakeleg for infeksjon
- Unngå for mykje alkohol – symptom på hjernehinnebetennelse kan forvekslast med teikn på for mykje alkohol
Les meir om tilrådingar her: Ungdom anbefales vaksine mot smittsom hjernehinnebetennelse - FHI
Kontaktperson i skulehelsetenesta:
Linn Therese Olaussen Mobil: 488 62 577
E-post: linn.therese.olaussen@bomlo.kommune.no