Vald og overgrep i nære relasjonar

Sommarferien er for mange ei tid for kvile og samvær med familie og vener. Men for nokre kan ferien også vere ei vanskeleg tid. Når kvardagsrutinar vert brotne, kan fleire oppleve at vald og overgrep i nære relasjonar eskalerer. 

mor held rundt trist barn illustrasjon - Klikk for stort bileteBømlo kommune har handlingsplan for å førebyggja vald og overgrep i nære relasjonar. BTI-illustrasjon

Difor er det ekstra viktig at både innbyggjarar og tilsette veit kva dei skal gjere – og kvar dei kan få hjelp. Bømlo kommune har vedteke ny handlingsplan mot vald og overgrep i nære relasjonar. Handlingsplanen mot vald og overgrep i nære relasjonar skal gjelde frå 2025 til 2030 (PDF, 2 MB) og inneheld konkrete tiltak for å førebyggje, avdekke og handtere vald – både for barn, unge, vaksne og eldre.

Sikra tryggleik, helse og likeverd for alle 

Planen er ein del av kommunen sitt arbeid med å sikra tryggleik, helse og likeverd for alle innbyggjarar – og er forankra i både nasjonale føringar og FN sine berekraftsmål. Her får du rettleiing om kva du kan gjere dersom du sjølv – eller nokon du kjenner – ikkje kjenner seg trygg. Det er òg laga eigne tiltakskort og oversikter over hjelpetenester som skal gjere det lettare å finna fram.

Sjå også nettsida vår Vald og overgrep i nære relasjonar

Handlingsplanen skal:

  • gi innbyggjarane kunnskap om kva vald og overgrep er – og kvar dei kan søke hjelp
  • styrka kompetansen til tilsette i kommunen
  • sikra godt samarbeid mellom tenester som møter valdsutsette og -utøvarar
  • nå ut til risikoutsette grupper, som barn, eldre og personar med funksjonsnedsetjing
     

– Eit liv utan vald er ein grunnleggjande føresetnad for å kunne leve eit godt liv. Difor er dette arbeidet så viktig, seier SLT-koordinator John Henrik Staveland Sæter.

Treng du hjelp? 

Du er ikkje åleine. Det finst hjelp å få.

Kontakttelefonar

Kontakttelefonar
Teneste Kontakt
Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 (døgnopen)
VO-linjen (vald og overgrep) 116 006 (døgnopen)
Krisesenter Vest – Stord 53 41 12 12
Krisesenter Vest – Haugesund 52 72 98 84
Politiet 02800
Mental Helse – Hjelpetelefonen 116 123
Nettsider https://www.dinutvei.no
Nettsider https://www.valdsfri.no
Nettsider https://www.plikt.no