Vedtak av endring 1 av Detaljreguleringar for Hovlandshagen, PlanID 201207 og PlanID 201307

Endring 1 av Detaljreguleringar for Hovlandshagen, PlanID 201207 og PlanID 201307 er vedtatt. Klagar til endringa kan sendast inn fram til 14.11.2026. 

Kartutsnitt som viser endra plankart for begge planane. Plankartet viser tillatt arealbruk i området. - Klikk for stort bileteUtsnitt av endra plankart

Bakgrunnen for reguleringsendringa er behovet for å etablere ei ny og meir føremålstenleg tilkomstløysing til Hovlandshagen næringsområde. Endringa omfattar både Detaljregulering for utviding av industriområde i Hovlandshagen, gnr. 53, bnr. 73 m.fl. (PlanID 201207) og Detaljregulering for fiskerihamn i Hovlandshagen, gnr. 53, bnr. 53 m.fl. (PlanID 201307), og inneber i hovudsak regulering av ny tilkomstveg, etablering av mellombels tilkomstveg, justering av byggjegrenser og mindre oppdateringar av plankart og føresegner. 

Den nye vegløysinga skal bidra til ei tryggare og meir oversiktleg trafikkavvikling i området. Samstundes legg endringa til rette for stegvis utvikling av næringsområdet ved at ein kan nytte ein mellombels tilkomstveg fram til permanent veg er etablert. Det er også gjennomført fleire tekniske og planfaglege justeringar for å sikre betre samanheng mellom dei to reguleringsplanane. 

Det er utval for areal og samferdsel som har vedtatt endringa av detaljreguleringane. Vedtaket vart gjort i møte den 12.10.2026 i sak PS 36/26.

Endring 1 - Hovlandshagen 201207 og 201307
Tittel Type Storleik
Saksframlegg med vedtak.pdfPDF629 kB
01_Reguleringsendring_notat.PDFPDF7 MB
02_Merknadsbehandling.PDFPDF2 MB
03_201207_Forslag til endret plankart.PDFPDF645 kB
04_201307_Forslag til endret plankart.PDFPDF1017 kB
05_201207_Forslag til endret føresegner.PDF

Dette er føresegnene som var oppe til behandling. Det vart vedtatt endring av føresegn §9.1 i utvalsmøtet, sjå "saksframlegg med vedtak" for omtale av dette.

PDF102 kB
06_201307_Forslag til endret føresegner.PDF

Dette er føresegnene som var oppe til behandling. Det vart vedtatt endring av føresegn §§ 4.3 og 9.1 i utvalsmøtet, sjå "saksframlegg med vedtak" for omtale av dette.

PDF118 kB
07_Eksisterende plankart for plan 201207 og 201307.PDFPDF243 kB
08__Forslag til endret plankart for plan 201207 og 201307.PDFPDF174 kB
09_Notat midlertidig veg.PDFPDF414 kB
10_Faseplan veg med ortofoto.PDFPDF6 MB
11_Sporing VT midlertidig veg.PDFPDF5 MB
12_Hovlandshagen-teknisk.PDFPDF2 MB
13_Overordnet teknisk plan (vedlegg1).PDFPDF10 MB
14_Overordnet teknisk plan H1 (vedlegg 2).PDFPDF4 MB
NVE, 28.08.2026.PDFPDF107 kB
Statens vegvesen, 01.09.2026.PDFPDF132 kB
Statsforvalter i Vestland, 01.09.2026.PDFPDF339 kB
Bømlo kystlag.PDFPDF116 kB
Signe Strand Dørheim m.fl. 29.08.2026.PDFPDF122 kB
Vedlegg til merknad - Signe Strand Dørheim.PDFPDF555 kB

Det er mogleg å klaga på vedtatt endring. Frist for å klaga på endringa er 14.11.2026.

Klager kan sendast på papir til: 
Bømlo kommune, Arealbruk, 
Rådhuset, Leirdalen 1, 
5430 Bremnes

Eller på e-post til: 
postmottak@bomlo.kommune.no