Vedtok reguleringsendring for Hovlandshagen

Dagens regulerte veg i Hovlandshagen følgjer i stor grad terrenget. Den overordna tekniske planen viser likevel at ei justert vegføring kan gi betre trafikkavvikling, meir rasjonelle næringstomter og betre løysingar for vatn, avløp og overvatn. Kommunen foreslår å byggja ut vegsystemet trinnvis, med høve til å etablera ein mellombels veg i ein avgrensa periode.

industriområde mot sjø - Klikk for stort bileteOmlegging av veg inne på Bømlo fiskerihamn i Hovlandshagen. Sweco

Utval for areal og samferdsel har i møte 14.10.26 vedtatt reguleringsendring 1 – Hovlandshagen, planID 201207 og 201307 i samsvar med plan- og bygningslova §12-14.

Vedtaket kan påklagast og eventuelle klager skal sendast skriftleg innan 3 veker frå denne kunngjering. Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 år frå denne kunngjeringa.

Eventuelle klager og krav om erstatning vert å senda:
Bømlo kommune 
Rådhuset, Leirdalen 1
5430 Bremnes 

eller 

postmottak@bomlo.kommune.no

Vedtaket

Bømlo kommune vedtek reguleringsendring 1 for følgjande reguleringsplanar: - Detaljregulering for utviding av industriområde I Hovlandshagen, gnr. 53, bnr. 73 m.fl., PlanID 201207. - Detaljregulering for Bømlo Fiskerihamn, Hovlandshagen, gnr. 53 bnr. 53 m.fl., PlanID 201307 
Planendringa vert vedteken med følgjande endring:  
1. Siste setning i føresegn § 4.3 i PlanID 201307 skal endrast slik at «fagmynde» vert erstatta med 
«Bømlo kommune».  
2. Føresegn § 9.1 (PlanID 201207) og § 8.1 (PlanID 201307) skal endrast til: Før det kan gjevast 
bruksløyve for tiltak, skal eigedomen vere tilknytt godkjent vass- og avlaupsanlegg i samsvar 
med overordna teknisk plan for næringsområdet. Overordna teknisk plan for veg, vatn, avlaup 
og overvatn skal vere godkjend av BVA og Bømlo kommune før igangsetjingsløyve for tiltak kan 
gjevast.  
For dei delane av planområdet der reguleringsplanane med PlanID 201207 og 201307 overlappar 
kvarandre, skal reguleringsendring 1 erstatte tidlegare planavgrensing.