- Ver på vakt for stor skogbrannfare

- Ein stor takk går til alt brannmannskap, lokalt og frå nabokommunar, som i går kveld, i natt, og no utover dagen jobbar hardt for å stogga skogbrannen i Siggjarvågen. Me andre får halde oss langt unna ild, og vera observante rundt oss. Det er stor brannfare i området, og her må me alle vera i beredskap, oppmodar ordførar Morten Helland.

fire menn ved kommandovogn - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland var på brannstaden i Siggjarvåg. onsdag morgon. Her saman med beredskapsleiar Frode Sagvaag (t.v), dronepiloten, og brannsjef Ove Halleraker i Bømlo brann og redning. Bømlo kommune

- Det er eit krevjande arbeid, og med sterk vind og høg varme i vanskeleg terreng har dei eit viktig arbeid utover dagen. Her får dei hjelp frå frivillig mannskap, Sivilforsvar, og andre som kan bli aktuelt å mobilisere. Faren er ikkje over. Det kan bli kritisk om vinden tar seg opp, då får ein ikkje opp drone og kan også risikere at brannhelikopter ikkje kan nyttast, opplyser ordførar Morten Helland etter han i morgontimane fekk ei oppdatering frå oppdatering frå brannsjef og innsatsleiar om brannen ved Siggjarvåg.

Brannmannskapa har kontroll på flammane, men det er fortsatt oppblussingar i området. Slukkearbeid pågår framleis. Sivilforsvaret er mobilisert for å legge ut vatn i området. Dei evakuerte kan ikkje flytta tilbake på noverande tidspunkt. Innbyggjarane vert haldne løpande oppdatert gjennom befolkningsvarsling. Det kan bli aktuelt å kopla ut straumen.

Ordføraren traff også eit par som er evakuert. - Dei er ved godt mot, men har berre dei kleda dei vart evakuert i, og om det er nokon som treng noko viktig frå heimen sin skal me vera obs på det, forsikrar ordførar Morten Helland. 

Han rettar ei stor takk til alt mannskap frå blålysetatane, Røde kors og andre involverte frå kommunen.

For oppdateringar - sjå Politiloggen Sør-Vest Politidistrikt