Viktig informasjon om fakturering av eigedomsskatt og feiegebyr

Bømlo kommune fakturerer eigedomsskatt på etterskot. For å kome ajour med innbetalinga av eigedomsskatten vil Bømlo kommune i desember 2025 sende ut rekningar for to periodar.

Bømlo kommune sender ut rekningar for eigedomsskatt etter at perioden er over (på etterskot). Det betyr at det ikkje vart sendt ut rekning i januar 2025. For å kome ajour vil me i desember 2025 sende ut to rekningar:

November – rekning blir sendt 01.12.2025
Desember – rekning blir sendt 16.12.2025

Forfallsdato er 30 dagar etter datoen på rekninga. Det betyr at du har 30 kalenderdagar til å betale. Døme: Rekning datert 01.12.2025 har forfall 31.12.2025, og rekning datert 16.12.2025 har forfall 15.01.2026.

Eigedomsskatt og feiegebyr 

Frå januar 2026 vil eigedomsskatt og feiegebyr bli sendt ut kvar månad, med dato den 15. Forfallsdato vil framleis vere 30 dagar etter utsendingsdato.

Har du spørsmål - kontakt oss på  telefon 53 42 30 00