Bømlo kommune søkjer no to personar til å vere møtefullmektig i forliksrådet. Kommunen skal ha tre møtefullmektiger.
Kva er ein møtefullmektig?
Ein møtefullmektig representerer ein part som ikkje kan møte opp i forliksrådet sjølv. Viss parten ynskjer kan dei då be ein av dei faste møtefullmektigane i forliksrådet om å representere dei. Møtefullmektigen framfører argumenta i saka på vegne av parten dei representerer og kan inngå forlik etter fullmakt frå parten. Det er kommunen som utnemner personar til å vere møtefullmektigar i det faste utvalet.
I rolla som møtefullmektig er det viktig at ein i den enkelte sak er uavhengig av andre interesser enn partens. Dette sikrar at fullmektigen får fremja partens interesser på best mogleg vis.
Krav:
- Du må vere over 25 år
- Du må ha alminneleg god samfunnskunnskap
- Du må beherske norsk godt - både skriftleg og munnleg
Møtefullmektig får godtgjersle for arbeidet (eit halvt rettsgebyr pr. sak), jf. tvistelovforskrifta §3 og tvisteloven §6-13 fyrste ledd bokstav c og e.
Om du har spørsmål knytt til rolla som møtefullmektig kan du senda ein e-post til postmottak@bomlo.kommune.no eller ringe: 53 42 30 00
SØKNADSFRIST: 20. februar
PS: Om du vil sende ein søknad så skriv kort om deg sjølv, alder, yrke og litt om kvifor du kan passa til å vera møtefullmektig. Ved sending av søknad må du nytta deg av e-dialog Sikker innsending
Informasjon frå Justis- og politidepartementet om møtefullmektig i forliksrådet