Vil tilby Rask psykisk helsehjelp

Frå september i år satsar Bømlo kommune å kunne tilby lågterskeltilbodet Rask psykisk helsehjelp til personar frå 16 år og oppover. - Me har jobba lenge for eit slikt tilbod, og ynskjer at unge i alderen 12-16 også får tilbodet slik at hjelpa kan komma i gong endå tidlegare. 

ung kvinne på talarstol i kommunestyremøte - Klikk for stort bileteNestleiar i Bømlo ungdomsråd, Hannah Oliva Høgmo Breivik, fekk ordet i kommunestyremøtet som samrøystes vedtok Rask psykisk helsehjelp. Simon Knutsson Sortland

Nestleiar Hannah Oliva Høgmo Breivik i Bømlo ungdomsråd nytta taleretten sin i kommunestyret før eit særs positivt kommunestyre samrøystes vedtok å innføra ordninga Rask psykisk helsehjelp (RPH) i Bømlo kommune. Representantane peika på at dette er ein vinn-vinn situasjon for kommunen, der intern omorganisering og omdisponering av ressursar har gjort tilbodet mogleg. Det vart særleg understreka at her kan personar ta direktekontakt med psykisk helse.

Sjå arkiv kommunetv 19.02.2024

- Tidleg hjelp viktig

- Allereie i 2022 hadde me fokus på dette temaet saman med Moster 2024 på Mostraseminar Ung, der mellom anna Helsesista var med. Me har også engasjert oss i Verdsdagen for psykisk helse i fleire år.  Me har tru på at eit lågterskeltilbod som dette kan vera eit godt førebyggjande tilbod som både kan vera med på å redda liv og som kan gjera kvardagen mykje enklare for mange då dei får hjelp tidlegare. Dessutan sparar me mange turar til Stord og fråver frå skulen, understreka Breivik. Ho meinte også at det vil vere god økonomi i dette for kommunen.

Verksemdsleiar Synnøve Sørvik i teneste psykisk helse og rus seier dei no førebur seg på ei vridning til ein lågare terskel der dei kjem tidlegare inn. Dette blir ved ei omdisponering av eksisterande ressursar. Dei vil no bruka våren på å tilpassa organisasjonen for å førebu ein forsiktig oppstart av tilbodet. Aktuelle instansar og tenester får meir informasjon når dette nærmar seg.

Saksliste kommunestyremøtet 19.02.2024

Rask psykisk helsehjelp (RPH)

  • I politisk vedtatt handlingsplan for helse-sosial-omsorg 2023-2024 punkt 16 er det vedtatt at Bømlo kommune skal innføra Rask psykisk helsehjelp (RPH).
  • Rask psykisk helsehjelp (RPH) er eit lågterskeltilbod for innbyggjarar over 16 år med angstutfordringar, mild eller moderat depresjon, begynnande rusutfordringar og/eller søvnvanskar. Hjelpa vert gjeven gjennom undervisningsgrupper, vegleia sjølvhjelp, behandlingsgrupper eller individuelle samtalar. Tilbodet skil seg frå eksisterande tilbod i Psykisk helse ved at det er låg terskel for kontakt, målgruppa har lettare utfordringar og ein får raskt hjelp.
  • RPH er basert på kognitiv terapi og vegleia sjølvhjelp og finnes allereie i 84 kommunar/bydelar i Norge. RPH har vist seg å ha særs god behandlingseffekt. Tilbodet vert i stor grad førebyggjande ved at innbyggjar kjem tidlegare i kontakt med hjelpeapparatet enn slik organiseringa er i dag. Dette er i tråd med føringar om å drive meir førebyggande arbeid. Ved dagens organisering har ein ikkje klart å vri tenestene tilstrekkeleg mot førebygging. RPH blir også vurdert å vera meir kostnadseffektiv enn tradisjonell behandling.
Til toppen