Vinterføre krev ekstra omtanke

Når is og snø kjem, aukar risikoen for fall og brotskadar. Eldre er særleg utsette, men enkle tiltak kan gjera kvardagen tryggare. Broddar, gode vintersko, god belysning og rydda gangvegar rundt huset kan redusera risikoen for fall.

mann hentar strøsandfrå container - Klikk for stort bileteKommunen tilbyr gratis strøsand til eldre. KI-illustrasjon

Eit enkelt førebyggjande tiltak er å strø der folk ferdast. Bømlo kommune tilbyr gratis strøsand til eldre og uføre. Du kan henta strøsand ved teknisk driftsbygg i Hollundsdalen, ved Teiglandshagen, ved Joker på Finnås og i strøkassar langs kommunale vegar. Hugs å ta med eiga bøtte. Teknisk drift har ikkje kapasitet til å køyra ut strøsand på bestilling.

Familie, vener og naboar kan òg gjera mykje for å skapa ein tryggare vinter. Har du høve til å strø, måka eller hjelpa med ærend for nokon som ikkje klarar dette sjølve, kan det bety mykje. Ein telefon eller eit besøk kan også vera ei viktig handstrekk i vintermånadene.

På døra veke 44 (PDF, 2 MB)

Kontaktinformasjon Bømlo kommune:

Elisabeth Holme Knutsen - rådgjevar kultur og idrett - Mobil 911 65 377
Johanne Kristiansen - rådgjevar folkehelse og frivilligheit - Mobil 453 82 642

Kontakt oss om du vil reservere deg mot å motta dette informasjonsskrivet.
E-post: postmottak@bomlo.kommune.no
Telefon: 53 42 30 00

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetskalender 2.-8. november.

 

Om prosjektet På døra

Tema i veke 44 i informasjonsskrivet På døra er om vinterføre og tryggingstiltak. På døra vert av postboda send ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på. I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.