- Grip sjansen til omstilling

- Me må skapa eit breitt og mest mogleg felles bilete av utfordringane som ligg framfor oss. Det vil tvinga seg fram endringar og vanskelege prioriteringar, men me som menneske og Bømlo kommune er svært endringsdyktige. Eg trur at dette kjem me til å klara på ein god måte, oppsummerte dagens konferansier og kommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal.

mann presenterer på storskjerm med fire personar sitjande i halvsirkel på scena - Klikk for stort bileteLeiar Svein Fylkesnes i Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne etterlyste nytt arbeids- og aktivitetssenter ved gamle BUS-tomta før Ungdomsrådet sine representantar Emilie Engseth, Bjarte Notland Tjensvoll, Eirik Nitter og Ruth Berny Lønning frå Eldrerådet kom med sine tankar om framtidig helsetilbod i kommunen. Simon Knutsson Sortland

Innspelskonferansen «Korleis få berekraftige helse- og omsorgstenester på Bømlo i framtida» samla nær 90 deltakarar i kulturhuset tysdag 17. januar. Her deltok politikarar, helsetilsette i kommunen, toppleiinga og administrasjonen, tillitsvalde, representantar frå Ungdomsrådet, Eldrerådet, Rådet for personar med nedsett funksjonsevne, privatpersonar, lag og organisasjonar. - No må me saman finna ut kva veg me skal gå inn i framtida for å løysa dei store utfordringane me veit vil møta oss, sa ordførar Sammy Olsen då han opna konferansen.

Høyringsfristen for innspel til kommunedelplan for helse-, sosial, og omsorg 2023-2024 er 2. februar

Framtidsverkty 2040 - sjå korleis det kan bli i din kommune

2040 begynner nå, også på Bømlo_Therese Sivertsen - KS Partnerskap for radikal innovasjon (PDF, 2 MB)

Sammen for et aldersvennlig Norge

Korleis kan innbyggjarar og kommune planlegge for eit samfunn med fleire eldre_ prosjektleder Anne Berit Rafoss Helsedirektoratet (PDF, 3 MB)

Nye tankar og vanskelege prioriteringar

- Me vil bli tvinga til å tenkja nytt om me skal få eit berekraftig tenestetilbod innan helse grunna endra oppgåver, økonomi og tilgang på arbeidskraft, understreka rådgjevar Jorunn J. Folgerø-Holm då ho presenterte planen. Det gjeld innhald, prioritering, organisering og strukturar innan tenesteytinga. Vidare må me tenkja nytt om kommunen si rolle og samspelet med samfunnet. Her er kommunen god på å involvera breitt, noko deltakarane på konferansen vitnar om. Ho peika på at det er fleire tiltak i handlingsplanane me til no ikkje har fått plass til innanfor rammene, men løfta òg fram alt me faktisk får til i Bømlo kommune. Planen kjem til politisk handsaming i mars.

Konferansier og kommunalsjef Kjell Magnar Mellesdal gav så ordet til dei tre politiske råda våre. Svein Fylkesnes i Råd for menneske med nedsett funksjonsevne etterlyste god brukarmedverknad og tettare samarbeid mellom kommunen, vidaregåande skule og arbeidslivet for denne gruppa. Ungdomsrådet sine representantar Bjarte Notland Tjensvoll, Emilie Engseth og Eirik Nitter var opptekne av psykisk helse og korleis få alle med på organiserte og uorganiserte aktivitetar. Ruth Berny Lønning i Eldrerådet var oppteken av kvar generasjonen 70+ ynskjer å bu, at alle bømlingar i alle aldrar må sjåast som likeverdige partnarar i dette arbeidet, og at pårørande må takast meir med i diskusjonane.

Kan ikkje løysast på individnivå

- Helsevesenet må slutta å springa etter og hjelpe enkeltindivid for å løyse helseproblem som i realiteten er eit samfunnsproblem. Dette gjeld til dømes livsstilssjukdomar som følge av alkohol, røyking, usunt kosthald og fysisk inaktivitet mellom anna, understreka kommuneovelege Kjersti Follesø som også er spesialist innan samfunnsmedisin.

Ho teikna eit utfordringsbilete der folk lever mykje lengre med sine sjukdomar. Det inneber at ressursar me må bruke på helse blir mykje større enn tidlegare. Framover må me ta eit mykje større individuelt ansvar for eiga helse med trening, kosthald og tilrettelegging av eigne bustader. I tillegg kjem kommunal tilrettelegging. Follesø er uroa for ei negativ helseutvikling hjå unge vaksne der yngre brukarar mottar stadig meir bistand. 

- Skap berekraftige helsetenester

- Trykket vårt ligg på nederste trinn av omsorgspyramiden, og her er kapasiteten alt sprengt. Det er det alle avvika vitnar om, fortalde Bianca Rolfsnes-Flock i ergo- og fysisoterapitenesta. Å gje tilbod på lågaste trinn i omsorgspyramiden gir berekraftige helsetenester då det er dette som støttar det folk helst vil ha, nemleg å kunne bu heime med best mogleg funksjon. Så me må gripa sjansen til omstilling, utfordra ho.

Rolfsnes-Flock meiner det er avgjerande å behalda kvalifisert personell, og då er rett kompetanse og god personalpolitikk avgjerande Hovudverneombod Idar Grasdal understreka Rolfsnes-Flock sine poeng, og på kor viktig det er å sikra eit berekraftig arbeidsmiljø både for å behalda tilsette og rekruttera nye.

Varaordførar Ragnfrid Sønstabø kom med sine tankar sett frå ein politisk ståstad. Ho trakk fram dei eldre og frivilligheita som ein ressurs å spele på, men var også klar på at endringar vil krevje mykje av alle i kommunen, både innbyggjarar, politikarar og tilsette. 

- Bømlo kommune skal halda på grunnstrukturen i tilbodet, men me må våga å tenkje nytt og våga å drifta på nye måtar. Dei økonomiske føresetnadane gjer at me må prioritere, men likevel må me delta i utviklingsprosjekt. Denne konferansen er eit døme på aktiv innbyggjardeltaking, noko me er gode på i Bømlo. Våre tilsette gjer ein svært god jobb, og saman skal me få dette til, understreka kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter. Han opplyste at det vert ein open budsjettkonferanse seinare i vår.

Etter konferansen var det lagt opp til uformelle samtalar i foajeen, og mange gav uttrykk for ein god og nyttig konferanse som lovar godt for det vidare samarbeidet.

 

Til toppen