Ungdomsrådet i Kristiansand

Dei fyrste dagane i mai deltek ungdomsrådet i Bømlo på ei samling i Kristiansand i regi av nettverket «aktiv fritid for alle».

Nettverket er eit samarbeid mellom Bufdir, KS og Frivillighet Norge, og Bømlo har delteke på nettverket sine samlingar som deltakarar og bidragsytarar dei siste to åra.

Tema for konferansen denne gongen er ungdomsmedverknad og deltaking i ei offentlegheit med hat, truslar og falske nyheiter.

Leiar Bjarte Notland Tjensvoll, medlem i ungdomsrådet, Emma Lillian Fimland og koordinator Lene Borgen Waage, bidrog onsdag føremiddag med innlegg om ungdomsmedverknad og samhandling i Kvam. Dei fortalde om korleis Bømlo og Askøy har jobba med ungdomsrådarbeidet dei siste åra. Tilhøyrarane gav gode tilbakemeldingar, og var spesielt interessert i korleis ungdomsrådet har fått til ny møteplass i Gamle BUS. 

Presentasjonen frå Bømlo ungdomsråd i Kristiansand 03.05 (PDF, 4 MB)

På samlinga er det til saman 30 ungdommar frå Hammerfest i nord til Arendal i sør.
Bømlo er eit av fire ungdomsråd som har innlegg. To ungdommar frå Finland er også på konferansen for å fortelja om den finske modellen. Dei finske ungdommane har og besøkt Sverige og Danmark, og erfaringa deira er at dei nordiske landa har mange av dei same utfordringane, og at eit nordisk samarbeid rundt ungdomsmedverknad vil vera eit gode.

Bjarte og Emma fortel at det har vore lærerikt å høyra frå dei andre ungdomsråda, og at det har vore kjekt og sosialt.
Dei syns også at det var stas å få representera ungdomsrådet i Bømlo på talarstolen i bystyresalen i Kristiansand.

Ungdommar samla i bystyresalen i Kristiansand - Klikk for stort bileteBømlo ungdomsråd var representert då 30 ungdommar diskuterte ungdomsmedverknad under demokrativeka i Kristiansand 2.-3.mai 2023 Lene Borgen Waage

Til toppen