Skriveråd for ulike teksttypar

Me har laga ein språkprofil som gjeld for alle typar tekstar. Me skal skrive klart, enkelt og godt uansett kven me skriv til og kva me skriv om. I tillegg har me laga råd og tips om kva som er særleg viktig når du skriv tekstar for nett. 

Språkprofil for Bømlo kommune

Last ned språkprofilen for Bømlo kommune (PDF, 563 kB)

Nettsider

Når me les på nett, er me som regel ute etter å finna heilt konkret informasjon og leiter ved å skanne teksten. Auget fangar opp overskrifter, mellomtitlar, punkt og lenkjer. 

Me har samla ein del råd og tips i Skrivehjelp for tekst på nett. (lenkje kjem når klart)

Brev og vedtak

Det å få innvilga eller avslått sin søknad vil ofte ha stor betydning for ein innbyggjar, så når me skriv vedtaksbrev er det ekstra viktig å setje seg i lesaren sin stad. Det viktigaste for lesaren må komme tidlig i teksten.

E-post

E-post er eit kjapt medium, og av og til kan det gå litt for fort når me skriv dei. Om e-posten er, eller kan bli ein del av ei saksbehandling, skal du ta han like alvorleg som du ville gjort om du sendte eit brev. Les gjennom innhaldet før du sender, og forsikre deg om at innhaldet er korrekt både fagleg og språkleg.

Folk forventar raske svar på e-post. Om det ikkje er mogleg å svare raskt, bør du sende ein førebels e-post og informere om at det kjem eit fullstendig svar seinare. 

Politiske saker

Politiske saker er meir formelle enn mange andre kommunale tekstar, og treng ikkje følgje rådet om personleg tone med bruk av «me» og «oss».

Saksframlegg til politiske utval skal som hovudregel innehalde

  • innstilling / forslag til vedtak
  • bakgrunn og saksopplysningar
  • vurdering
  • kommunedirektøren si tilråding

Hugs at saksframlegga ofte vert lest av fleire enn politikarane, til dømes saksbehandlarar i andre kommunar, fylkeskommunar eller statlege etatar, journalistar og innbyggjarar. Bruk difor eit klart og forståeleg språk og unngå uttrykk og forkortingar som ikkje er kjent for alle.

Til toppen