Kommunedirektøren: Trygvason ved molokaien i Langevåg

Laurdag ettermiddag fekk me tilsendt eit bilde av den pelagiske trålaren "Trygvason" heimehøyrande i Langevåg. I påvente av avreise mot dei store fiskefelta, vart den nye og no ferdig kaien ved moloen i Hovlandshagen nytta. Meldinga var at kaien i fiskerihamna fungerar bra.

fiskebåt ved kai - Klikk for stort bileteTrålaren "Trygvason" til kai ved moloen i Hovlandshagen. Trygvason AS

- Det er mange som har jobba med denne saka på rådhuset i lang tid, både med plan, byggesak, avtalar og anna. For oss er dette eit fantastisk fin melding å få og eit bilete på nærings- og samfunnsutvikling som me håpar å sjå meir av i åra som kjem, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.

Meir om Trygvason AS