Prideflagget og kommuneflagget vaiar føre rådhuset.
Simon Knutsson Sortland
Å høyre til
Slår du opp ordet pride i ei engelsk ordbok, finn du tydinga stoltheit. For mange handlar Pride som markering om nettopp retten til å vere stolt av seg sjølv. Men ordet kan også brukast om ein flokk - og det biletet meiner eg også er viktig. Det er nemleg slik at det for oss menneske er grunnleggande for trivsel og helse å høyre til – å vere del av ein flokk.
Når Pride-debatten vert polarisert, kan behovet for ein flokk for dei som kjenner seg annleis bli endå viktigare. For sjølv om intensjonen i ein debatt ikkje er å såre, kan ord verke belastande. Unge kan vere ekstra sårbare overfor det som står i eit kommentarfelt, og det bør vaksne som deltek i ordskiftet ta med seg.
Ord kan skade
Som kommuneoverlege er eg oppteken av faktorar i miljøet rundt barn og unge som kan påverke helse, trivsel og tryggleik. Eit hardt ordskifte generelt har i seinare år markert seg som ein slik faktor. Ungdomsrådet i kommunen vår er tydeleg i si oppfordring til vaksne om å vere bevisst sine ord, og seier ord kan skade. Mange barn og unge finn det vanskeleg for å skilje mellom kritikk av ei sak og kritikk av ein person. Kommentarar dei les på nett kan opplevast som personlege.
Vi veit at psykiske plager hos barn og unge har auka dei siste tiåra og Folkehelseinstituttet peikar på ulike forklaringar der digital mobbing og belastning ved sosiale medium er moglege årsaker. Debattinnlegg om Pride kan treffe yngre aldersgrupper meir enn vi anar. I skulegården er vi opptekne av korleis ord kan få andre til å kjenne seg mindre verdt - vi jobbar mot mobbing. I det offentlege ordskiftet bør vi ha same bevisstheit om orda si makt. Ytringsfridom står sterkt, men ho bør ikkje frita oss ansvaret om korleis vi vektar orda våre.
Når debatt vert personleg
Dei fleste ungdom med seksuell orientering som avvik frå majoriteten er friske og godt tilpassa. Nokre har likevel auka risiko for psykiske plager. Forsking tyder på at denne risikoen ikkje er knytt til det å vere ein seksuell minoritet i seg sjølv, men til stigmatisering og manglande aksept for deira legning. Ord som for vaksne er del av ein politisk debatt, kan for unge opplevast som kommentarar til deira verdi som menneske.
Mangfald og tilhøyrsle
Vi menneske kjem med variasjonar. Vi er høge og låge, tynne og omfangsrike, mørke og lyse. Enkelte vil i ord og handlingar påstå at verdien vår endrar seg av at vi er annleis. Skulen er ein viktig arena for å skape aksept for variasjonar. Skulen skal fremje mangfald, inkludering og respekt for at menneske er ulike. For mange tener Pride ein slik funksjon, og det at skulen markerer Pride beskriv mange som viktig for positive holdningar til andre.
Aksept med forbehold
Motførestillingane er varierte. Fleire seier at dei ynskjer ro, og tek til orde for å dempe markeringa. Dei seier at dei aksepterer, men... Ei slik aksept med forbehold er problematisk. Når ei utsegn vert etterfulgt av «men», opphevar det ofte det som er sagt før.
Prøv sjølv: Du er snill, men… Unnskyld for det eg gjorde, men… Hjernen vår er designa til å flytte fokus til det som kjem etterpå. Og det som kjem etterpå er ikkje alltid like snilt.
Ein flokk for dei sårbare
Terroraksjonen i Oslo i juni 2022 og harde offentlege ordskifte viser at arbeid med aksept og inkludering framleis er aktuelt. For mange handlar Pride først og fremst om aksept for at alle skal få vere seg sjølv - at seksuell orientering handlar om identitet. Du treng ikkje vere samd i alt ved Pride. Ha meiningar.
Mi tilråding er likevel at om du ytrar deg om temaet offentleg, bør du vere klar over at barn og unge les det du skriv. Dine ord kan råke barn og unge uavhengig av legning. Så lenge debatten er hard, er det ekstra viktig at dei sårbare får oppleve å høyre til - at dei har ein flokk.
Det første pride toget gjennom Svortland sentrum under Bømlapride 2024.
Simon Knutsson Sortland