Grafisk profil

Bømlo kommune ønskjer å møta menneske som kjem i kontakt med oss på ein lett attkjenneleg måte, med det same uttrykket kvar gong uavhengig av kva medium som ber fram vår bodskap. 

Grafisk profilillustrasjon av kommunevåpen og kommuneflagg - Klikk for stort bileteBømlo kommunevåpen, flagg og logo

Me ser vår grafiske profil som ein viktig del av kommunen sin identitet, og han er i stor grad bygd på dei verdiar me set høgt og det syn me har på oss sjølve. Særleg slagordet "Driftige folk i vakker natur" som me fekk fram etter ei spørjeundersøking blant alle innbyggjarane i kommunen i 2008. Vår grafiske profil vart utarbeidd i 2015.

Ein klårt definert grafisk profil skal byggja truverde og forståing for innhaldet i vår kommunikasjon. Gjennom heile vårt visuelle uttrykk ynskjer me å visa at kommunen er ein solid tenesteytar og viktig samfunnsaktør. Den grafiske profilen skal og verka til at du som er tilsett i Bømlo kommune føler at du er ein del av den same verksemda. 

Profilhandboka til kommunen inneheld reglar for bruk av grafisk profil, kommunevåpen og val av fontar og farger.

Profilhandbok til Bømlo kommune (PDF, 7 MB) 

Klesprofil Bømlo kommune (PDF, 911 kB)

Har du spørsmål eller treng du kommunevåpen, logoar eller anna grafisk materiell - kontakt kommunikasjonsrådgjevar

Til toppen