Offentleg høyring av søknad om løyve til etablering av anlegg for oppdrett av matfisk av laks og aure på lokalitet Selvågneset

Fremskridt Laks AS søkjer om etablering av nytt anlegg for oppdrett av matfisk av laks og aure ved Selvågneset. Høyringsfrist 04.10.2025.

Kartutsnitt som viser lokasjonen ved Selvågsneset. - Klikk for stort bileteKartutsnitt som viser lokasjonen.

 

Omsøkt anlegg vist i kart saman med føremåla i kommuneplanen sin arealdel. - Klikk for stort bileteOmsøkt anlegg vist i kart saman med føremåla i kommuneplanen sin arealdel.

Fremskridt Laks AS søkjer om etablering av anlegg for oppdrett av matfisk av laks og aure på lokalitet Selvågneset i Bømlo kommune. Søknaden gjeld etablering av anlegg med ein maksimalt tillaten biomasse på 2340 tonn. Det vert søkt om å få klarert areal for utlegging av 8 semilukka einingar. Omsøkt teknologi er av typen GreenBag. Fisken i dette konseptet er beskytta mot overflate vatn ved at fisken går innelukka i ein dukpose. Vatnet vert pumpa opp frå ca. 50 meters djup. Det er planlagd slamoppsamling på kvar merd. For ytterlegare informasjon viser til vedlagt søknad.

Søknaden er lagt ut til offentleg ettersyn i tida 03.09.2025-04.10.2025.

Eventuelle merknader til søknaden kan sendast innan 04.10.2025: 

Gje merknad til søknaden (via digitalt skjema)

Alternativt kan merknadar sendast på papir til: 
Bømlo kommune, Arealbruk, 
Rådhuset, Leirdalen 1, 
5430 Bremnes

Eller på e-post til: 
postmottak@bomlo.kommune.no