Val 2023

I Bømlo kommune er valdagen måndag 11. september for kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023. Det kom inn 12 listeforslag innan fristen fredag 31. mars. Industri- og næringspartiet (INP) er nye sidan kommunestyre- og fylkestingssvalet i 2019.

Parti som stiller til val 2023

  • Arbeidarpartiet (AP)
  • Framstegspartiet (FRP)
  • Høgre (H)
  • Industri- og næringspartiet (INP) - Nytt
  • Kristeleg Folkeparti (KrF)
  • Konservativt (K) - tidlegare Partiet De Kristne (PDK)
  • Liberalistane (L)
  • Miljøpartiet dei grøne (MDG)
  • Raudt (R)
  • Senterpartiet (Sp)
  • Sosialistisk venstreparti (SV)
  • Venstre (V)

Viktige fristar

  • 31. mars kl. 12.00 - Frist for parti eller grupper til å levera listeforslag
  • 20. april kl. 12.00 - Frist for partia til å trekkja listeforslaget
  • 21. april -  Frist for å søkja om fritak frå listeforslaget
  • 11. mai - Valstyret godkjenner listeforslag
  • 12. mai - Godkjende vallister vert lagt ut til offentleg gjennomsyn
  • 22. mai - Frist for å klaga på valstyret sitt vedtak om å godkjenna eller forkasta eit listeforslag (må vera motteke av valansvarleg)

Etter klagefristen, vert godkjende vallister sendt til trykking. Kontaktpersonar for dei enkelte parti eller gruppe vil få vallistene til korrekturlesing. 

Slik gjekk det i 2019

resultatgraf for valde representantar bømlo kommunestyre 2019 - Klikk for stort bileteValresultat kommunestyrevalet 2019 i Bømlo.

Røysteføre: 9 033
Frammøteprosent: 69,2%

  • Høgre 25,0%
  • Arbeidarpartiet 19,8%
  • Kristeleg Folkeparti 16,3%
  • Senterpartiet 10,4%
  • Framstegspartiet 10,2%
  • Venstre 5,0% 
  • Partiet De Kristne 4,2% (
  • Sosialistisk Venstreparti 4,0%
  • Miljøpartiet Dei Grøne 2,7%
  • Raudt 1,7%
  • Liberalistane 0,8%
Til toppen