Bålbrenning

Det er forbode å gjera opp eld eller behandla brannfarlege gjenstandar utandørs under slike tilhøve eller på ein slik måte at det kan føra til brann. Oppgjort eld må ikkje forlatast før den er fullstendig sløkt.

Generelt er bruk av open eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark forbode utan løyve frå brannsjefen i tida 15.april - 15.september. Det er likevel tillate å gjera opp eld der det openbart ikkje kan medføra brann.

Melding om bålbrenning

Ved bruk av eld utandørs må dette meldast til brannvernet. Dette for å hindra brann og unngå unødig utrykking.

Meld frå her

Tips til trygg bålbrenning

Flatebrenning eller brenning av hogstavfall i skogmark, samt gras- og lyngsviing i eller i nærleiken av skog og anna utmark skal utførast etter § 3 i Forskrift om brannforebygging.

Løyvet vert gjeve på følgjande vilkår:

  1. Bålet skal bestå av trevirke. Du kan ta med papir og esker dersom det vert plassert midt i bålet omgitt av materiale som brenn lengje. Ikkje bruk bildekk, pappesker, trykkbehaldarar og liknande.
  2. Legg ut vass-slange om mogleg. Alternativt skal det setjast fram bøtter til sløkkjevatn.
  3. Ha avtale med grunneigar om brenning i det aktuelle området.
  4. Løyvet fell automatisk bort derom det er tørt og vind den dagen du skal brenna. Er du i tvil om dette, skal spørsmålet leggjast fram for brannsjefen eller vakthavande befal dersom det er utanom normal arbeidstid ( vakttelefon: 958 48 007). Nærare melding om dette kan også bli gjeve i lokalavisa/nærradio.
  5. Når du forlet bålet skal dette sløkkjast fullstendig.
  6. Ansvarshavande må vera tilgjengeleg på telefon heile tida.


Spørsmål om brenning kan rettast til vakthavande befal på telefon: 958 48 007.

Meir informasjon

På nettstaden sikkerhverdag.no kan du lesa meir om bålforbud og bålbrenning

Sikkerhverdag.no

Har du spørsmål?

Vakttelefon Brann og redning
Vakthavande befal
Mobil 95 84 80 07
Ove Halleraker
brannsjef
E-post
Mobil 41 56 11 44
Frode Sagvaag
beredskapsleiar
E-post
Mobil 97 58 82 82
Til toppen