Bekymringsmelding

Er du bekymra for din eigen eller andre sin branntryggleik. Her kan du melda frå til brannvesenet om kritikkverdige tilhøve som vedkjem branntryggleiken. 

Kva kan eg melda frå om? 

Når brannvesenet snakkar om bekymringsfulle tilhøve så meiner me tilhøve som potensielt kan føra til brann. Dette kan vera: 

  • At nokon ikkje klarer å ivareta eigen branntryggleik, eller utgjer ein fare for andre. 
  • Hindring av rømingsvegar. 
  • Brann- og byggtekniske manglar. 
  • Tilhøve som hindrar at brannbilen kjem fram. 
  • Oppbevaring av gass.
  • Dårlege eller feil på elektriske anlegg.
  • Ulovleg bruk av bygg. 

Les meir om bekymringsmelding på branntips.no

Meld om ei bekymring

Branntips.no er ei ny nasjonal nettside kor du kan melda i frå til brannvesenet dersom du er bekymra for ein situasjon. Meldinga går til Bømlo brann og redning. 

Meld ei bekymring

Alle meldingar vert behandla anonymt. 

Har du spørsmål?

Ove Halleraker
brannsjef
E-post
Mobil 41 56 11 44
Bjørn Hroar Sortland
avdelingsleiar førebyggjande avdeling
E-post
Mobil 91 71 41 99
Til toppen