Feie- og tilsynsavgift

Årsavgift for feiing og tilsyn er lik for alle bustadar og fritidsbustadar som har fyringsanlegg.

Årsavgifta for 2024

Årsavgifta for feiing og tilsyn i bygningar med fyringsanlegg er 445,60 kroner. Det vert ikkje rekna moms av avgifta.  

Gebyrfritak

Føresetnaden for gebyrfritak er at eldstaden ikkje er i bruk. Feie- og tilsynsavdelinga kan føra tilsyn med at fyringsanlegget ikkje er i bruk.

For å få fritak for feie- og tilsynsavgifta i Bømlo kommune må røykrøyret mellom eldstad og skorstein fjernast, og holet i skorsteinen murast igjen.

Når tilfredsstillande sikring er gjennomført skal det ikkje påleggjast gebyr. Det er eigar eller brukar av fyringsanlegget som har ansvaret for å gje feie- og tilsynsavdelinga melding om:

  • at fyringsanlegget ikkje er i bruk.
  • at ein ynskjer fritak for feiing.
  • å tilpassa fyringsanlegget slik at det ikkje lenger kan nyttast for oppvarming.

Kva dekker avgifta? 

Avgift for feiing og tilsyn dekkjer følgjande tjenester: 

Feiing:

  • varsel og gjennomføring av feiing av skorstein.
  • opplysningar om tilstanden til skorsteinen.
  • råd om rett fyring og om kva ein skal gjera ved pipebrann.
  • råd i saker som omhandlar piper/fyringsanlegg.
  • førebyggjande brannverninformasjon.

Tilsyn:

  • varsel og gjennomføring av tilsyn av eldstader.
  • opplysningar om eldstaden sin tilstand.
  • råd om rett fyring og om kva ein skal gjera ved pipebrann.
  • råd om plassering, vedlikehald og bruk av sløkkjeutstyr.
  • råd om plassering og vedlikehald av røykvarslarar.
  • råd om rømingsvegar.
  • råd om oppbevaring av brennbare væsker og gassar.

Fakturering: 

  • Avgifta vert fakturert i mars - forfall april i lag med eigedomsavgifta.

Har du spørsmål?

Bjørn Hroar Sortland
avdelingsleiar førebyggjande avdeling
E-post
Mobil 91 71 41 99
Til toppen