Bømlabrua stengt onsdag kveld/natt

Bømlabrua vert stengt i dag onsdag 18. september mellom kl. 22.00 til ca. kl. 01.00. Det blir maks ein times stenging om gangen og operatøren reknar med å være heilt ferdig til kl. 01.00. Naudetatar slepp gjennom. Stenginga er grunna vedlikehaldsarbeid. Sjå VegTrafikksentralenVest på X

Sjekk artikkelen Hald deg oppdatert om stengde vegar og ferje

Byggjesøknad ved hjelp av fagfolk

Enkelte tiltak er for store og omfattande til at privatpersonar kan søkja sjølv. Då er det krav om bruk av ansvarleg føretak.

Du må alltid bruka fagpersonar i heile søknads- og byggjeprosessen dersom du til dømes skal:

  • byggja ein garasje, bod eller anna bygning over 70 m²
  • byggja eit tilbygg på huset ditt som er over 50 m²
  • byggja eit påbygg, til dømes ein takterrasse eller noko anna som er i strukturen på huset
  • dela opp bueininga di i fleire bueiningar

Dersom du skal byggja noko som krev bruk av fagpersonar, har dei ansvaret for å:

  • senda inn byggjesøknaden for deg ved å vera ansvarleg søkjar
  • planleggja prosjektet ditt ved å vera ansvarleg prosjekterande og
  • byggja ved å vera ansvarleg utførande
Til toppen