Deling av eigedom - laga ny tomt.

Dersom du vil dela eigedomen din i to eller fleire nye eigedomar må du søkja kommunen om løyve. Den nye eigedomen vert registrert i matrikkelen og grunnboka. 

 

Kven kan søkja?

  • Den som eig tomta kan søkja om deling. Dersom det er flere eigarar må alle skriva under på søknaden. Andre kan søkja dersom dei har fullmakt frå eigar. Ei fullmakt må vera original eller stadfesta rett kopi.

  • Ved dødsbu må kopi av skifteattesten følgja søknaden, og underskrifta må vera i samsvar med attesten.

  • Når eit firma er eigar, må søknaden underskrivast av den eller dei som har fullmakt ifølgje firmaattesten. Attesten må ikkje vera eldre enn eitt år.

Kva får du?

  • ​​​​Du kan få oppretta ein ny sjølvstendig eigedom/tomt med eige gardsnummer og bruksnummer

  • Du kan få overført arealet til ein annan eigedom (tilleggsareal ved arealoverføring)

  • Du kan også få oppretta festetomt over 10 år, anleggseigedom eller eit jordsameige

  • Du får målt opp og merkja den nye eigedomsgrensa, og får sett ned offentlege grensemerkjer

  • Den nye eigedomen og grensene blir registrert i matrikkelen (eigedomsregisteret) og blir tinglyst

  • Du får tilsendt matrikkelbrev

Før du søkjer:

  • Undersøk om delinga er i strid med reguleringsplanen for området eller kommuneplanen sin arealdel. Gjeldande planar finn du i planarkivet vårt.
  • Finn ut om du har eller treng avtalar om vegrett, vass- eller avlaupsledningar som går over eigen eigedom eller andre sine eigedomar

Planarkivet i Bømlo

Søk elektronisk om oppretting og oppmåling av ny grunneigedom 

Søk om oppretting av ny eigedom på blankettskjema  

Bestill oppmålingsforretning på blankettskjema

Anna dokumentasjon som kan vera relevant:

Krev søknaden din dispensasjon så kan du lesa meir om det her. 

 

Søknaden med vedlegg sender du til:

Bømlo kommune, Rådhuset, Leirdalen 1, 5430 BREMNES

Gebyr:

 

Til toppen