Faktura og betaling

Eigedomsskatten vert fakturert i 4 terminar. Faktura vert sendt ut i mars med forfall i april, i juni med forfall i juli, i august med forfall i september og i oktober med forfall i november. 

Faktura må betalast sjølv om du er ueinig i summen eller takseringa og har sendt klage til kommunen eller Skatteetaten. Dersom du får medhald i klagen din vil det du har betalt for mykje trekt frå på neste faktura eller betalt tilbake.

Søknad om utsetjing av betaling

For søknad om utsetjing av betaling ta kontakt med økonomiavdelinga på 481 34 864 eller sentralbordet på 53 42 30 00.

Eigarskifte

Når nye eigartilhøve vert registrert i eigedomsregisteret via tinglysinga går det automatikk i dette. Du treng ikkje gje beskjed til kommunen. Når ny eigar blir registrert vert neste krav for kommunale eigedomsgebyr retta mot den nye eigaren. Viss eigedomen blir selt midt i perioden det er fakturert for må dette gjerast opp mellom seljar og kjøpar.

Har du avtalegiro eller e-faktura må du, dersom du har seld eigedomen, hugse å slette avtalen i nettbanken slik at ikkje komande krav vert trekt deg. 

Til toppen