Fritak for eigedomsskatt

Fritak etter eigedomsskattelova § 5

Nokre eigedomar er automatisk friteken for eigedomsskatt. Dette gjeld mellom anna

  • eigedomar  som er eigd og brukt av staten 
  • eigedomar som er eigd av kommunen
  • historiske bygg
  • kyrkjer 
  • eigedomar som høyrer til offentleg samferdsel
  • Eigedomar som vert driven som gardsbruk eller skogbruk. Fritaket gjeld berre driftsdelen av jord - og skogbrukseigedom. Bustadbygg/fritidsbygg med tilhøyrande tomt vert ikkje omfatta av unntaket og skal takserast. Det same gjeld andre bygg eller driftsmidlar som ikkje direkte gjeld landbruksdrifta. 

Eigedomsskattelova § 5. 

Fritak etter eigedomsskattelova § 7

Kommunstyret har, i medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav a og b, gjeve fritak for eigedomsskatt for 2021 til eigedomar tilhøyrande stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne ein kommune, eit fylke eller Staten og eigedomar av historisk verde. Dei eigedommane som etter eigedomsskattelova § 7 har fått fritak i tidlegare år får fritak for eigedomsskatt i 2021.

Eigedomsskattelova § 7. 

Til toppen