Bustadverdi er Skatteetaten sin estimerte verdi på din bustad.
Skatteetaten legg til grunn dei opplysningar om primærareal, byggjeår og bustadtype gjeve av eigar for eigedomen i skattemeldinga. Du kan sjølv sjekka desse opplysningane og korrigera eventuelle feil i skattemeldinga.
Endringsmelding/klage skal sendast til Skatteetaten.
Ligg det føre feil faktaopplysningar (til dømes feil areal, feil gnr/bnr) på skattemeldinga di må du melda frå til Skatteetaten. Det same gjeld om du meiner det er sett ein verdi på bustaden som overstig marknadsverdi.
Eigedomsskattegrunnlaget vert henta frå skattemeldinga to år tilbake i tid. Til dømes vil eigedomsskattegrunnlaget i 2020 hentast frå bustadverdi frå skattemeldinga di frå 2018, for 2021 frå skattemeldinga frå 2019, for 2022 frå skattemeldinga frå 2020.
For å retta feil som har verknad på eigedomsskatten for 2023, må du be Skatteetaten endra feilen på skattemeldinga frå 2021.