Det er tre faktorar som påverkar storleiken på eigedomsskatten:
- Takstgrunnlaget
- Promillesats
- Botnfrådrag
Takstgrunnlaget
Takstgrunnlaget vert motteke anten frå Skatteetaten (for dei aller fleste bustadeigedomar) eller vert vedteke lokalt av kommunens sakkunnige nemnd for eigedomsskatt.
For bustadar og fritidsbustadar er eigedomsskattegrunnlaget 70% av bustadverdien frå Skatteetaten/kommunal takst. For andre eigedomar er eigedomsskattetaksten sjølve eigedomsskattegrunnlaget.
Skattesatsen for 2023
Bustad/fritidseigedomar: 2,9 promille.
Næringseigedom/ubebygd grunn: 3,1 promille.
Særskilde skattegrunnlag: 3,4 promille.
Botnfrådrag
Det er ikkje vedteke botnfrådrag for eigedomsskatt i 2023.
Kor mykje må eg betala i eigedomsskatt?
Kor mykje du skal betala i eigedomsskatt kjem fram på skattesetel som vert sendt elektronisk innan 1.mars kvart år.