Tilknytingsgebyr vatn og avlaupDersom du skal kopla deg til offentleg leidningsnett må du betala tilknytingsgebyr. Gebyret vert utrekna etter målt bruksareal for bygget. Bømlo vatn- og avløpsselskap AS (BVA) sender ut faktura for tilknyting til kommunal vatn- eller avlaupsleidning når dei har fått oversendt igongsettingsløyve frå byggjesaksavdelinga i kommunen. Tilknytingsgebyret må betalast før du startar med grunnarbeidet, men det er mogleg å få ei utsetting dersom du ikkje skal byrja på prosjektet enda. Søknad om utsetting kan sendast til post@bva.no Prisar for tilknyting til offentleg leidningsnett (PDF, 68 kB) Forskrift om vass- og kloakkavgifter i Bømlo Sist endra 02.01.2023 11:40