Førebyggjande rusteamOm ein har spørsmål eller utfordringar knytt til ungdom og rus har Bømlo kommune eit forebyggande rusteam som kan svare på spørsmål og bistå med oppfølging. Me tilbyr: samtalar og rettleiing til både ungdom og foreldre frivilling ruskontrakt som innebærer rusmiddeltesting og/eller samtalar Rusteamet er årleg inne i alle 9. og VG1 klassar i Bømlo kommune. Me har samtalar/undervisning med elevane om rus. Foreldra deira får også tilbod på kveldstid i etterkant. Me har særleg fokus på cannabis. Dette er det mest anvendte ulovlege rusmiddelet blant ungdom på Bømlo. I HKH undersøkinga gjort i Bømlo i 2017 vart det avdekka lite kunnskap om cannabis både blant elevar og vaksne. Hurtigkartlegging med handlingsplan HKH 2017 (PDF, 877 kB) Kontakt førebyggjande rusteam: Marianne Undheim Mobil: 975 976 18 E-post: marianne.undheim@bomlo.kommune.no Ann-Siren Økland Haugstad Mobil: 915 76 569 E-post: ann-siren.okland.haugsand@nav.no Du finn oss og på Helsestasjon for ungdom, onsdagar kl. 16-18 (stengt i skuleferiar) der kan ein møte opp og utan å ha avtala time. Følg oss gjerne og på snap, facebook og instagram: helsestasjon for ungdom Bømlo.