Helsestasjon 0-5 år

Alle barn og deira føresatte som bur i Bømlo kommune får tilbod om oppfølging fra helsestasjonen. Har du nettopp flytta til kommunen vil me gjerne at du tar kontakt med oss. Alle tilsette ved helsestasjonen har teieplikt, og tenesta er gratis.

Helsestasjonstenesta har ei sentral rolle i folkehelsearbeidet i kommunen, og arbeider både med psykisk helse, fysisk helse og sosiale forhold. Det helsefremjande og førebyggande arbeidet omfattar helseopplysning, vegleiing, helseundersøking og vaksinasjon.

Helsestasjonar i Bømlo Kommune


Kva kan helsestasjonen hjelpe deg med?


Helsesjukepleiar
Me tilbyr alle foreldre og barn jamleg kontakt med våre helsesjukepleiarar.

Lege
Barnet vil  få tilbod om legeundersøking på helsestasjonen ved alder 6 veker, 6 månader, 12 månader og 2 år.

Fysioterapeut
Konsultasjon med fysioterapeut kan avtalast via din helsesjukepleiar på helsestasjonen. Alle familiar får tilbod om eit gruppetilbod med fysioterapeut når barnet er rundt 4 månader.

Tannpleiar
Alle familiar får tilbod om eit gruppetilbod med tannpleiar når barnet er rundt 10 månader.

Barselgrupper
Helsestasjonen har eit frivillig tilbod om barselgrupper. Dei som ønsker å vera med i barselgruppe møter andre med termin same månad ein gong før fødsel, og to gonger etter fødselen. Dersom du går til jordmor på helsestasjonen vil du få ein skriftleg invitasjon i posten med treffpunkt for di gruppe. På barselgruppetreffa vil du møte familierettleiar, helsesjukepleiar og jordmor. Målet med barselgruppene er at du og din partner skal bli kjent med andre foreldre, samt at det er ein fin arena for å dele erfaringar rundt det å bli foreldre.

Søvngrupper
Me tilbyr søvngrupper til familiar som ønskjer råd og rettleiing rundt utfordringar knytt til søvn. Søvnkurset går over ei veke med to treffpunkt. Gruppa består av 2-3 familiar og rettleiinga gis av familierettleiar og helsesjukepleiar. For meir informasjon og bestilling av time ta kontakt på e-mail miriam.johannessen@bomlo.kommune.no

Foreldrepakken til Stine Sofie Stiftelsen 
Me nyttar foreldrepakken til Stine Sofie Stiftelsen med 10 smarte tips til alle småbarnsforeldre i samtalane på helsestasjonen. Last gjerne ned appen «10 smarte tips». 

Foreldrerettleiing
Å vere foreldre betyr små og store utfordringar. Ønskjer du hjelp og vegleiing kan du ta kontakt med oss på helsestasjonen. Me tilbyr ulike typar foreldrerettleiing.

Barnevaksinasjonsprogrammet
Anbefalt barnevaksinasjonsprogram for norske barn er fastsatt av Helse- og omsorgsdepartementet. Alle barn skal tilbys vaksinasjon etter programmet, men all vaksinasjon er frivillig. Tilbodet i barnevaksinasjonsprogrammet er gratis opp til 20 år. Ungdom som tidlegare har takka nei, eller ikkje har motteke tilbod om vaksinar i programmet, kan ta kontakt med skulehelsetenesta for avtale vaksinasjon.

Oversikt over barnevaksinasjonsprogrammet
 

Helsestasjonen på Bremnes 
Telefon: 53 42 33 37 
Telefontider: 08.30 - 11.30 og 12.30 - 14.30 man-fre

Besøksadresse: Kyrkjegardsvegen 20 
5430 Bremnes

Til toppen