Helsestasjon 0-6 år

Baby-1 - Klikk for stort bilete Helsestasjonstenesta i Bømlo er ein del av kommunehelsetenesta, og utfører planmessig helsefremjande og førebyggjande helsearbeid mot barn og ungdom som bur eller oppheld seg i kommunen. Helsestasjonstenesta er eit lovpålagt tilbod til friviljug bruk. I Bømlo kommune er tenesta lokalisert til Bremnes helsestasjon, Moster helsestasjon og Bømlo helsestasjon. Organisatorisk er tenesta knytt til Barne- og familietenesta.   

Formål med tenesta 
Målsetjinga med helsestasjonen for barn frå 0 til 5 år er å førebyggja medfødte og erverva sjukdomar.   
 
 
Tenesta gjeld 
Helsesøstertenesta er delt opp i helsesøsterdistrikt. Intensjonen er at kvar helsesøster har sitt distrikt - med tilhøyrande barneskule - som ho har hovudansvar for.
  

Helsestasjonen har i hovudsak desse tilboda:

  • Svangerskapsomsorg ved jordmor
  • Heimebesøk til familiar med nyfødt barn
  • Konsultasjonar på helsestasjonen for barnet, jamnleg til barnet er 15 mnd
  • Tilbod om vaksinasjon
  • Konsultasjon hos helsesøster og lege ved 2-års alder 
    Konsultasjon hos helsesøster og lege ved 4-års alder 
    Konsultasjon hos helsesøster og lege ved 5-års alder (førskuleundersøking)
  • Utleige av brystpumpe, enuresisapparat

 

På helsestasjonen kan de og få desse tenestane:

 

Korleis søkja tenesta 
Det er timetinging til helsestasjonane, og me set stor pris på at du avbestiller timen dersom du og barnet ikkje kan møta.
 
Tenesta er gratis.

Helsestasjonen arbeider med førebyggjande og helsefremjande arbeid blant barn og unge etter ” helse og omsorgslova”Foreldre pliktar å medverke til at barnet deira tek del i helsekontroll.   Helsesøster som er leiar av helsestasjonen har spesialutdanning i førebyggjande arbeid. I tillegg arbeider jordmor, lege og anna personell ved helsestasjonen ; psykolog, sjukepleiar, foreldrerettleiar, psykisk helsearbeidar, merkantil m.a. Me på helsestasjonen ønskjer å vera til hjelp for deg og familien din i den nye livssituasjonen. Du kan bruke helsestasjonen om du treng einkvan å rådføra deg med - også utanom dei avtalane du har gjort. Ikkje noko spørsmål er for dumt. Me vil prøva å hjelp deg eller visa deg veg til einkvan som kan. Ofte treng du berre ei stadfesting på eigne kunnskapar. TRU PÅ DEG SJØLV!  

 

VELKOMMEN TIL HELSESTASJONEN

 

Bømlo kommune har 3 helsestasjonar:

BREMNES:       53 42 33 30 / 53 42 33 37  -       kvar dag

MOSTER:         53 42 33 87                    -           kvar onsdag

BØMLO:          53 42 33 75                    -           fredag partalsveker

 

Helsestasjonsverksemda er for tida basert på timebestilling

LYKKE TIL MED BARNET OG TIDA SOM KJEM

Publisert av Linda Hellen. Sist endra 03.12.2015
Fant du det du leitte etter?
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering