Helsestasjon for ungdomHelsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod for unge opp til 25 år. Me har ope kvar onsdag mellom kl. 16.00 – 18.00 (NB! Stengt når skulane har fri). Du treng ikkje bestille time og me har teieplikt. Kvar finn du oss? Du finn oss på gamle Legesenteret på Svortland. Helsestasjon for ungdom Telefon: 53 42 33 37 Besøksadresse: Kyrkjegardsvegen 20 5430 Bremnes Kva kan du få hjelp til? På helsestasjon for ungdom er det jordmor, helsesjukepleiar, lege, psykisk helsearbeidar og ruskonsulent tilstades. Me kan hjelpe til med vanleg legeundersøkjing på grunn av sjukdom, plager - t.d. sår hals, utslett, smerter og liknande, me kan tilvise deg til andre instansar i helsevesenet, teste for kjønnssjukdomar og eller du kan snakka med oss om emner som opptek deg som til dømes: Prevensjonsrettleiing Problem på skulen og heime Er du trist eller einsam Psykisk helse Slanking og spiseforstyrring Rus og rusmisbruk, både lovelege og ulovlege Menstruasjon Seksualitet Homofili Parforhold Graviditet Vonde opplevingar, til dømes seksuell misbruk, vald, dødsfall/sjukdom, samlivsbrot eller konfliktar i familien. Teamet vårt på helsestasjon for ungdom: Jordmor Kristin Mohr Rykkje Mobil: 452 78 232 E-post: kristin.mohr.rykkje@bomlo.kommune.no Helsesjukepleiar Kristin Bjelland Håstø Mobil: 470 74 184 E-post: kristin.bjelland.håstø@bomlo.kommune.no Psykiatrisk helsesjukepleiar Øyvind Marsteen Mobil: 926 66 868 E-post: oyvind.marsteen@bomlo.kommune.no Ungdomskontakt/rusteam Marianne Undheim Mobil: 975 97 618 E-post: marianne.undheim@bomlo.kommune.no Helsesjukepleiar Britt Westermoen Mobil: 996 19 358 E-post: britt.westermoen@bomlo.kommune.no Sist endra 11.02.2022 09:34