Helsestasjon for ungdomHelsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod for unge opp til 25 år. Me har ope kvar onsdag mellom kl. 16.00 – 18.00 (NB! Stengt når skulane har fri). Du treng ikkje bestille time og me har teieplikt.Kvar finn du oss?Du finn oss på gamle Legesenteret på Svortland.Helsestasjon for ungdom Telefon: 53 42 33 37 Besøksadresse: Kyrkjegardsvegen 205430 Bremnes Postadresse:Rådhuset v/Bremnes HelsestasjonLeirdalen 1 5430 BremnesKva kan du få hjelp til?På helsestasjon for ungdom er det jordmor, helsesjukepleiar, lege, psykisk helsearbeidar og ruskonsulent tilstades.Me kan hjelpe til med vanleg legeundersøkjing på grunn av sjukdom, plager - t.d. sår hals, utslett, smerter og liknande, me kan tilvise deg til andre instansar i helsevesenet, teste for kjønnssjukdomar og eller du kan snakka med oss om emner som opptek deg som til dømes: PrevensjonsrettleiingProblem på skulen og heimeEr du trist eller einsamPsykisk helseSlanking og spiseforstyrringRus og rusmisbruk, både lovelege og ulovlegeMenstruasjonSeksualitetParforholdGraviditetVonde opplevingar, til dømes seksuell misbruk, vald, dødsfall/sjukdom, samlivsbrot eller konfliktar i familien. Her er teamet vårt på helsestasjon for ungdom: Jordmor Åse Østensen E-post: ase.ostensen@bomlo.kommune.noHelsesjukepleiar Kristin Bjelland HåstøE-post: kristin.hasto@bomlo.kommune.noPsykiatrisk sjukepleiarØyvind Marsteen E-post: oyvind.marsteen@bomlo.kommune.noUngdomskontakt Marianne UndheimE-post: marianne.undheim@bomlo.kommune.noHelsesjukepleiarBritt WestermoenE-post: britt.westermoen@bomlo.kommune.noLegeJulie Jørs Sist endra 18.11.2024 10:03