SLT- Rus- og kriminalitetsførebyggjing

For å sikre at barn og unge har ein trygg og god oppvekst i Bømlo kommune, er det viktig at alle i kommunen jobbar i lag for å sikre at oppvekstmiljøet er trygt og godt. Derfor jobbar Bømlo kommune etter SLT-modellen. SLT står for Samordning av Lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande Tiltak.

SLT sikrar at dei ressursane som allereie finns hos kommunen og politiet, blir meir samkøyrd og målretta.

  • Kva er dei største utfordringane for unge mennesker i vår kommune?
  • Kven av dei er spesielt utsatt for å ende i enda større vanskar?
  • Korleis kan desse få best mogleg hjelp til å meistre livet sitt og unngå rus og kriminalitet?

SLT-koordinatoren sørger for at kommunens førebyggande ressursar blir samordna mest mogleg effektivt. Arbeidet handlar om å leggje til rette for eit nært og godt samarbeid mellom de ulike instansar og profesjonar som er involvert i det lokale kriminalitetsførebyggande arbeidet.

SLT-koordinator
John Henrik Staveland Sæter

Mobil:   975 52 121
E-post:  send e-post til

Til toppen