FAU -Foreldreutvalet

Alle foreldre som har barn i grunnskulen er automatisk medlemmer av foreldrerådet. Foreldrerådet vel eit foreldrearbeidsutvalg; FAU, som fungerer som eit "styre" for foreldrerådet. FAU talar alle foreldre si sak, medlemmene i FAU representerer heile foreldregruppa.

FUG: Tips og råd til godt samarbeid

Opplæringslova § 11-4 :
På kvar grunnskule skal det vera eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen er medlemmer. Foreldrerådet skal fremja fellesinteressene til foreldra og medverka til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skapa eit godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeida for å skapa eit godt samhald mellom heimen og skulen, leggja til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skapa kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.

FAU vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet (SU). Leiaren for arbeidsutvalet skal vera den eine av representantane. Det møter to eller tre representantar frå FAU i skulemiljøutvalet (SMU).

FUG har laga materiell for foreldre som innehar tillitsverv i skulen.

Arbeidsområde for FAU:

  • Informera og høyra alle foreldre om aktuelle saker
  • Samarbeida med Elevrådet, SU, SMU, rektor og lærarar
  • Ta initiativ til sosiale aktivitetar for elevane og foreldre
  • Uttala seg om relevante saker frå kommunen eller skulen, til dømes ordensreglementet
  • Skapa kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet
Til toppen