SMU - Skulemiljøutvalet

Skulemiljøutvalet arbeider for eit godt og inkluderande skulemiljø, både når det gjeld det psykososiale læringsmiljøet og det fysiske miljøet på skulen.

Ein viktig del av det systematiske skulemiljøarbeidet er involveringa av elevane og brukarorgana ved skulen. Skulen må ha gode rutinar for korleis desse skal involverast i samsvar med lova sitt krav. Det vil ikkje vera tilstrekkeleg å ha oppnemnt eit skulemiljøutval, dersom utvalet ikkje vert involvert slik Opplæringslova § 9A-9   krev.

FUG: Tips og råd til godt samarbeid

Samtaletema frå Oppl.§9A  som Skulemiljøutvalet kan bruka på møtene:

FUG: Snakk saman om skulemiljøet 

Opplæringslova § 11-1a. Skolemiljøutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit skolemiljøutval. I skolemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skoleleiinga og kommunen vere representerte. Skolemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.

Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skolemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skolemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal.

Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skolemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.

Skolemiljøutvalet skal medverke til at skolen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skolemiljø. Skolemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skolemiljøet, jf. kapittel 9a.

SMU vel sjølv leiar og nestleiar. Dei vel også sekretær.

Møta i samarbeidsutvalet og møta i skulemiljøutvalet bør vere klart åtskilde, og bør ha separate referat. Ein kan velje å leggje møta i skulemiljøutvalet rett før eller etter møta i samarbeidsutvalet.

Til toppen