Samarbeidsutvalet - SU

Opplæringslova kap. 11 omtalar brukarmedverknad. Samarbeidsutvalet (SU) er det øvste samarbeidsorganet i skulen. Samarbeidsutvalet har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld skulen.

Foreldreutvalet for grunnskuleopplæringa (FUG): Tips og råd til godt samarbeid

§ 11-1. Samarbeidsutval ved grunnskolar

Ved kvar grunnskole skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skolen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.

SU vel sjølv leiar og nestleiar. Dei vel også sekretær.

Saker som SU handsamar:

Læringsmiljø, læringsresultat, utviklingsområde, satsingar, utfordringar, tilstandsrapportar, ordensreglement, drift, økonomi, brukarundersøkingar, skulerute, arrangement m.m.

Les heftet Medlem av samarbeidsutvalg (PDF, 2 MB)

Til toppen