Bømlo skulekorps

Bømlo skulekorps, er eit janitsjarkorps, og består av musikantar frå Svortland, Rubbestadneset, Meling og Gilje skulekrins. Me har 3 korps, aspirantkorps, juniorkorps og seniorkorps.

Musikantane får undervisning gjennom kulturskulen ein gong i veka, og er med på fellesøving ein gong i veka. Me byter på å øva på Svortland og Rubbestadneset skule. 

Ein del av gruppeundervisninga gjennom kulturskulen føregår i skuletida, mens fellesøvingane er onsdag kveld.

Elevene kan starta undervisning frå 2. - 3. klasse.

Korpset har to seminar i året, og deltek på 2-3 konkurransar. Elles har me konsertar iløpet av året, og deltek på tradisjonelle arrangement rundt jul og 17.mai.

Ta kontakt om du har spørsmål! 

Dirigentar for korpset er Åse Rønningen og Linn Jæger Espeland

Leiar for styret er Lasse L Breivik

Til toppen