Informasjon og nyhende

Bømlo kommune nyttar Vigilo som oppvekstadministrativt system for skule og SFO. Føresette kan logge inn på løysinga ved å gå til vigilo.no/bomlo og logge inn med BankID.
Her finn ein også nedlasting av app, informasjon og veiledningar.

Foldrøy skule er ein 3-delt barneskule med 40 elevar i 2023/2024. Skulen ligg på austsida av Bømlo med utsikt over Stokksundet. Skulen har eigen skulefritidsordning, skulebibliotek og fleirbrukshall som er ei storstove for heile bygda. Ved Folderøy skule har elevane symjeundervisning i 2. og 3. klasse.

På Foldrøy skule står meistring og samspel i fokus og me har ein visjon om å sjå kvar einskild elev sine behov og støtta eleven i utviklinga på ein god måte.   

Kontaktinformasjon:

Foldrøy skule
Hamnavegen 21
5428 Foldrøyhamn


Tlf.: 940 03 036
E-post: foldroy.skule@bomlo.kommune.no

 

 

Til toppen