SFO Hillestveit skule

Skulefritidsordning er eit omsorgs- og fritidstilbod for elevar i 1.-4.trinn, der ein legg vekt på utfalding, leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Funksjonshemma born kan delta opp til 7.trinn. Det er om lag 19 elevar på SFO ved Hillestveit skule.

For å få plass på SFO, må ein sende inn søknad via Vigilo. SFO-plassen er løpande til de seier den opp/ eleven går ut av 4.trinn.

Søknadsfrist: 01.mai 2024

Sjå Bømlo kommune si felles nettside for SFO

* Det er halv sats for månadane august og juli

* Det vert gjeven søskenmoderasjon for barn nr 2 (25%) Gjeld både fast plass og endring

* Det ordinære SFO-tilbodet fylgjer skuleruta

* Det skal organiserast SFO-tilbod på skulen sine ferie- og fridagar på Svortland skule. Dette tilbodet er ope for brukarar frå heile kommunen

* Det er ein føresetnad at det er minst 5 brukarar på skulefridagar for at det skal bli gitt eit slikt tilbod på Svortland skule

* Dersom plassen til eit barn vert sagt opp eller endra i skuleåret, er det 1 månads skriftleg oppseiingstid, gjeldande frå den 1. i kvar månad.

* Ved oppseiing eller endring av plass etter 1.mai, må ein betale for SFO-plassen ut skuleåret.

* Gratis kjernetid for 1.,2. og 3. trinn på ettermiddag måndag- torsdag kl. 13.30 - 16.00 og fredag 13.30-15.30

Her finn du nettsida til Vigilo, der du kan søkje om sfo.

Kontakt oss: 

E-post: elin.eidesvik@bomlo.kommune.no

Skulen si e-postadresse: hillestveit.skule@bomlo.kommune.no

SFO telefon : 916 83 152 / 45875796

Opningstider:

Morgon        :  kl. 07.00 - 08.45

Ettermiddag  : kl. 13.30 - 16.00

Til toppen