Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er på Moster skule måndag, tysdag, onsdag og torsdag  frå kl. 08:30 - 11:30.

Kva er skulehelsetenesta?

  • Skulehelsetenesta driv helsefremjande og førebyggjande arbeid for barn og unge og arbeider saman med skulen og andre for at skulemiljøet er godt
  • Er tilgjengelege for elevane, føresette og skulen på område som angår helse og trivsel
  • Legg til rette for samtalar, individuelt og i grupper, for å bevisstgjera eleven på korleis ta vare på eiga helse, fysisk, psykisk og sosialt
  • Kartlegg helsa og trivselen til eleven
  • Medverkar til løysing av vanskar som måtte komma fram, saman med eleven, føresette, skulepersonell og andre i hjelpeapparatet
  • Følgjer opp vaksinasjonsprogrammet 

Meir informasjon om skulehelsetenesta

Helsesjukepleiar

 Anette Alvsvåg Kallevåg

 (måndag og torsdag)

Telefon: 476 39 435

E-post: anette.alvsvag.kallevag@bomlo.kommune.no

Helsesjukepleiar

Linn Maiva Larsen Waage 

(måndagar i partallsveker og kvar tysdag og onsdag)

Telefon: 975 75 118

E-post: linn.maiva.larsen.waage@bomlo.kommune.no