Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til elevar og føresette der ein kan få råd og rettleiing. Alle skulane i Bømlo kommune har skulehelseteneste med helsesjukepleiar ute på skulane. Helsesjukepleiar har teieplikt, og tilbodet er gratis.  

Formålet med skulehelsetenesta er å førebyggje sjukdom og skade i tillegg til å fremme elevens helse, både fysisk, psykisk og sosialt. Skulehelsetenesta skal vere eit tilbod som er lett å oppsøke, der du blir tatt på alvor når du tar kontakt for å snakke om små og store helseproblem og utfordringar.

Kontakt oss

Kvar skule har eigen helsesjukepleiar. Ta kontakt med helsesjukepleiar på din skule på lista under eller ring Helsestasjonen på Bremnes

Helsestasjonen på Bremnes
Telefon: 53 42 33 37 . Open kvardagar mellom kl. 08.30 - 11.30 og 12.30 - 14.30. Unntak gjeld for sommarferien, sjå helsestasjon 0-5år for oppdatert opningstid.

​Postadresse:
Rådhuset v/Bremnes Helsestasjon
Leirdalen 1 
5430 Bremnes

Bremnes ungdomsskule       
Foldrøy skule
Gilje skule                     
Hillestveit skule
Meling skule                          
Moster skule 
Rubbestadneset skule         
Svortland skule
Våge skule 

Barnevaksinasjonsprogrammet.

Anbefalt barnevaksinasjonsprogram for norske barn er fastsatt av Helse- og omsorgsdepartementet. Alle barn skal tilbys vaksinasjon etter programmet, men all vaksinasjon er frivillig. Tilbodet i barnevaksinasjonsprogrammet står ved lag opp til 20 år utan kostnad. Ungdom som tidlegare har takka nei, eller ikkje har mottatt tilbod om vaksinar i programmet, kan ta kontakt med skulehelsetenesta for avtale om vaksinasjon.

Oversikt over barnevaksinasjonsprogrammet

Til toppen