Søknad om fri frå skulen

Send søknad i Vigilo. Logg på i dette systemet og bruk skjema som er tilgjengeleg. Skriv kva tid det vert søkt permisjon for, og søknadsgrunn. Søk i god tid før permisjonen.

Kontaktlærar kan innvilga permisjon for inntil to dagar, rektor avgjer søknadar om fleire dagar fri. Elevar kan ikkje få lovleg permisjon i meir enn to veker, jmf. Opplæringslova § 2-11. Skal eieven ha fri frå skulen i meir enn ti skuledagar, må føresette melda frå om heimeopplæring - då tek føresette på seg alt ansvaret for eleven si opplæring.

Søknad om permisjon

Før rektor gjev permisjon vert det vurdert om det forsvarleg å la eleven vera vekke frå skulen. Kva opplæring eleven får i friperioden, eleven sitt faglege nivå og om vedkomande har hatt permisjon før, vert vurdert. Dersom søknad om fri ikkje vert godkjent, kan det sendast klage på vedtaket.

Dersom ein forelder har foreldreansvar utan å ha dagleg omsorg for barnet, har også han/ho rett til å bestemma når det gjeld barnet si utdanning, jfr. barnelova § 30. Det er såleis ein føresetnad at vedkomande er einig i søknad om permisjon.

Elevar som "høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja" har rett til permisjon dei dagane trussamfunnet deira har heilagdag. Til gjengjeld krev lova at føresette sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida.

 

Opplæringslova
Etter lova har barn og unge i Norge "plikt til grunnskuleopplæring og rett til ei offentleg grunnskuleopplæring". Ved permisjonar og fråver som "eleven eller foreldra sjølv er skyld i", fråskriv eleven, eller føresette på eleven sine vegne, seg retten til offentleg grunnskuleopplæring for ein periode så lenge fråveret varer. Føresette overtar ansvaret for eleven si opplæring i fråversperioden. Eleven si opplæringsplikt gjeld like fullt. Det er kommunen sitt ansvar å vurdera om plikta blir oppfylt og å føra tilsyn med at dette skjer.


Melding om heimeopplæring

Varer fråveret meir enn to veker, må det meldast heimeopplæring. Slik melding skal sendast til rektor ein månad før heimeopplæring startar. Det er berre foreldre eller den som har dagleg ansvar for barnet, som kan melda heimeopplæring. Dersom ein av foreldra har foreldreansvar utan dagleg omsorg, har vedkomande rett til medverknad når det gjeld barnet si utdanning, jfr. barnelova § 30, og må såleis vera samd i at barnet skal ha heimeopplæring. I Opplæringslova heiter det at opplæring som skjer i heimen skal følgja lova når det gjeld formål og innhald, og skal følgja den samme læreplanen som offentleg grunnskule. Dette kravet gjeld sjølv om foreldra berre har opplæringsansvaret for ein kortare periode.


Kommunen har ansvar for å føra tilsyn med at opplæringa blir gjennomført på en god nok måte. Skulen, ved rektor, har det praktiske tilsynsansvaret. Skulen kan nekta å godkjenna ei melding om heimeopplæring eller krevja at eleven kjem tilbake til skulen dersom heimeopplæringa ikkje er i samsvar med Opplæringslova. Skulen sitt vedtak kan klagast inn til kommuneleiinga.
 

Til toppen