Følgjeprov (ledsagerbevis)

Eit følgjeprov gir deg rett til å ha med ein følgjeperson (ledsager) til dømes på kino, i symjehallen eller på bussen. Følgjepersonen slepp å betale for biletten sin.

Kven kan få tilbodet?

Du kan søkje om følgjeprov dersom du har ei funksjonsnedsetting som gjer at du treng følgje.

Kva er følgjeprov?

Følgjeprov er eit kort som viser at du treng følgjeperson. Du bestemmer sjølv kven som skal vere følgjeperson. Det treng ikkje vere same person kvar gong.

Følgjeprov er personleg, med bilete og underskrift. Det står på kortet kor lenge det er gyldig.

Kva kostar det?

Følgjeprov er gratis. På arrangement eller offentleg transport kjøper du billett til ordinær pris, men får ta med deg ein følgeperson gratis der følgeprov vert akseptert.

Kor kan du få meir informasjon?

Har du spørsmål eller treng hjelp til å fylla ut søknaden? Ring oss på telefon 53 42 34 70.

Søknadsskjema finn du her: (PDF, 375 kB)

Send søknad til:

Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Korleis blir søknaden behandla kor kor lang tid tek det?

Det er Tenestekontoret som behandlar søknaden din. Dei tek kontakt med deg.

Om søknaden ikkje kan avgjerast innan fire veker, får du ei skriftleg melding om grunnen til det. 

Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?

Du kan klage på vedtaket innan fire veker frå du fekk brevet. Grunngje kvifor du klagar. Treng du hjelp til å skriva klagen? Ring oss på telefon 53 42 34 70.

 

Til toppen