Kva er brukarstyrt personleg assistanse:
Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein alternativ måte å organisera helse og omsorgsteneste på. Du er sjølv arbeidsleiar og har ansvar for å tilsetja assistentar, læra dei opp og organisera arbeidet deira. Dersom du ikkje kan vera arbeidsleiar sjølv, kan nokon som kjenner deg godt vere det. Brukarstyrt personleg assistanse er særleg aktuelt der det er behov for fleksibilitet i tenesta som følgje av deltaking i utdanning, arbeid og samfunns- og familieliv.
BPA til born under 18 år
Det er Barne og familietenesta i Bømlo som handsamar søknad og prosess for BPA til born under 18 år. Foreldre med særleg tyngande omsorgsoppgåver kan søke BPA som avlasting.
Kven kan få tilbodet?
1. Du som bur heime i Bømlo kommune med har lovleg opphald, og har bustadadresse i kommunen.
2. Du som er under 67 år og har eit langvarig ( over 2 år) og stort behov ( minst 25 timar kvar veke)
for personleg assistanse.
3. Du er sjølv arbeidsleiar for assistentane dine, unntaksvis kan andre som kjenner deg godt hjelpe deg med dette. Ved BPA er det eit krav at arbeidsleiarrolla vert forsvarleg teken hand om.
Kva kan du få hjelp til
Praktisk hjelp i kvardagen til og rundt brukar. Brukar styre sjølv kva det trengs hjelp til.
Du er sjølv arbeidsleiar for assistentane dine og styrer difor:
• Kven du vil ha som assistent/tilsetjing
• Arbeidsstad og arbeidstid
Slik søkjer du
I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer.
Søknadsskjema om brukarstyrt personleg assistanse finn du her
I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer. Dersom du vert innvilga BPA kan du velja kven som skal ha arbeidsgjevaransvar for assistentane. Du kan velja Bømlo kommune eller private leverandørar som er godkjend av kommunen.
Det er Bømlo heimetenester som vert BPA om det er kommunen som skal utøva tenestene.
Om nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden
Har du spørsmål eller treng hjelp til å fylla ut søknaden? Ring 53 42 34 70
Send søknad til:
Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes
Kva kostar det?
Tenesta brukarstyrt personleg assistanse kostar det same som praktisk bistand heimehjelp, fullt abonnement. Satsen praktisk bistand vert rekna ut basert på brukar si nettoinntekt, og satsen vert justert av kommunen årleg ved budsjettgodkjenning.
Oversikt over prisar og gebyr i Bømlo kommune
Val av leverandør:
Dersom du vert innvilga BPA kan du velja kven som skal ha arbeidsgjevaransvar for assistentane. Etter at brukar har fått innvilga vedtak om PBA med gitt timar kan ein gå i gang med bestilling av BPA.
Ved bestilling skal det inngåast individuell kontrakt (Blankett NS 8435 B) om BPA som skal vera skriftleg og underteikna av alle tre partar (kommune, arbeidsleiar og leverandør). Du kan velja Bømlo kommune eller private leverandørar som er godkjend av kommunen. Oppgåvene til arbeidsleiar vert ikkje lønna.
Bømlo kommune har avtale med følgjande tilbydarar:
Aberia Omsorg AS
Assent AS
AssisterMeg AS
Brageva AS
Human Care AS
JAG Assistanse
Medvind Assistanse AS
Mio BPA
Næromsorg AS
Stendi AS
Uloba
Det er Tenestekontoret som behandlar søknaden din. Om søknaden ikkje kan avgjerast innan fire veker, får du ei skriftleg melding om grunnen til det.
Du kan klaga på vedtaket innan fire veker frå du fekk brevet. Grunngje kvifor du klagar. Treng du hjelp til å skrive klagen? Ring oss gjerne på telefon 53 42 34 70