Kven kan få tilbodet?
Alle som bur, eller mellombels oppheld seg i kommunen, og som har behov for hjelp grunna sjukdom eller funksjonshemming.
Kva kan du få hjelp til?
- Enkel reingjering av rom som er i dagleg bruk, som støvsuging, golvvask og vask av bad/wc
- Hjelp til vask av klede
- Skifte av sengklede
- Hjelp til å handla naudsynte daglegvarer
Du må vere tilstade når tenesta vert gitt og ha naudsynt reinhaldsutstyr på plass.
Slik søkjer du
I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer.
Søknadsskjema for heimehjelp finn du her (PDF, 406 kB)
Digitalt søknadsskjema for helse- og omsorgstenester
Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og sende den med søknaden.
Send søknad til:
Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes
Kva kostar det?
Husstanden si samla inntekt avgjer kor mykje du må betala for heimehjelpa.
Prislister 2025
Meir informasjon
Det er Tenestekontoret som behandlar søknaden din. Om søknaden ikkje kan avgjerast innan fire veker, får du ei skriftleg melding om grunnen til det.
Du kan klaga på vedtaket innan fire veker frå du fekk brevet. Grunngje kvifor du klagar. Treng du hjelp til å skrive klagen? Ring oss gjerne på telefon 53 42 34 70
Aktuelle lover og forskrifter
Helse og omsorgstjenesteloven
Pasient og brukerrettighetsloven
Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjeneste