Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er eit tilbod til deg som er avhengig av hjelp og pleie i kvardagen for å kunna bu heima.

Kven kan få tilbodet?

Alle som bur, eller mellombels oppheld seg i kommunen, og som har behov for hjelp grunna sjukdom eller funksjonsnedsetting. Heimesjukepleie er behovsprøvd og tidsavgrensa.

Kva kan du få hjelp til?

  • Hjelp med medisinar eller medisinske prosedyrar
  • Rettleiing og opplæring slik at du kan meistra oppgåver på eiga hand, som velferdsteknologiske løysingar, augedropar, injeksjonar, støttestrømper, handtering av kateterpose og stomi)
  • Personleg stell og pleie
  • Rettleiing i helsespørsmål
  • Sårstell og injeksjonar som ikkje kan utførast på legekontoret
  • Tilrettelegging og hjelp ved måltider

Slik søkjer du

I søknaden skriv du kva du treng hjelp til og kvifor du søkjer.

Søknadsskjema for heimesjukepleie finn du her (PDF, 375 kB)

Om nokon hjelper deg med å fylla ut søknaden må du samstundes fylla ut ei skriftleg fullmakt og senda den med søknaden.

Send søknad til:

Bømlo kommune
Tenestekontoret
Leirdalen 25
5430 Bremnes

Du kan òg levera søknaden i skranken på Rådhuset.

Kva kostar det?

Heimesjukepleie er gratis.

Kor kan du få meir informasjon?

Har du spørsmål eller treng hjelp til å fylla ut søknaden? Ring oss på telefon 53 42 34 70.

Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?

Det er Tenestekontoret som behandlar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtala eit heimebesøk. På heimebesøket vil dei snakka med deg om ditt hjelpebehov.

Tenestekontoret sender deg eit vedtak etter heimebesøket. Om søknaden ikkje kan avgjerast innan fire veker, får du ei skriftleg melding om grunnen til det. 

Kan du klaga om du ikkje får innvilga søknaden?

Du kan klaga på vedtaket innan fire veker frå du fekk brevet. Grunngje kvifor du klagar. Treng du hjelp til å skriva klagen? Ring oss på telefon 53 42 34 70.

Aktuelle lover og forskrifter 

Helse og omsorgstjenesteloven
Pasient og brukerrettighetsloven
Forskrift om egenandel for kommunale helse og omsorgstjenester

Til toppen